Storie
Gravfelt

Spjeldnes - Fetts fk. 1/1-5, Gravena

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Haugen fk. 1/1 ligg lengst vest i feltet framme på kanten mot dalføret 90 m opp frå sjøen. Haugen er ca. 12 x 5 m, orientert NNV-SSO. Sørlegaste kanten på haugen er ca. 2 m frå steingarden. Haugen som er dekka av mose og lyng er kring 0,5 m høg. Den austlege sidekanten er skadd og uklårt markert i dag. På haugen veks det 4 mindre furuer og ein 6 - 7 planta granbusker. Frå denne haugen skal steinen som no står på ein knaus N for tunet, vera komen. Steinen er 2,15 m høg, 35 cm brei og 18 cm tjukk. 5 m NO for fk. 1/1 oppe på ein naturleg kul ligg haugen fk. 1/2. Kantane er noko utydelege, men haugen er ca. 10 x 5 m orientert NV-SO, og kring 0,5 m høg. I toppen på haugen er det eit langsgåande, grunt søkk. Haugen er lyng- og mosegrodd med 2 furubusker og 10 - 12 granplantingar oppå. 10 m NO for fk. 1/2 på høgaste knausen ligg haugen fk. 1/3. Haugen er utydeleg, men kan vera om lag 8 x 5 m orientert NV-SO. Haugen er sterkt mose- og lynggrodd og tilvaksen med furubusker og granplantingar. Haugen er ikkje utan tvil. 5 m SO for fk. 1/3 ligg ein haug som er kring 6 m i tverrmål og knapt 1 m høg. Haugen er mykje omrota med uklåre kantar. Han er torv- og mosegrodd med ein del granplantingar oppå. Steingarden går over den sørlegaste delen av han. Haugen sitt lægje samsvarer med haugen fk. 1/4 hjå Fett, men utsjånad og skildring samsvarar med haug fk. 1/5 hjå Fett. Der fk. 1/5 skal liggja kan ein ikkje finna nokon haug. Haugen vert difor kalla fk. 1/4-5. Haugen er ikkje utan tvil.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
4 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.