Storie
Gravfelt

Spissøy - Lok. 12

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Samlinga inneheld tre røyser. Røys 1 ligg lengst V oppe på bergryggen. Røysa måler 10 m A-V og 5 m N-S. Ho er 40 - 50 cm høg. Røysa er bygd av rundkamp og brotstein i størrelse 30 cm til stein av mannsløft størrelse. Mogleg restar etter gravkammer i sørøstre del av røysa. Røysa er lyngkledt men stein stikk i dagen fleire stader. Ei lita bjørk står i den nordre kanten av røysa. Røys 2 ligg få meter A for 1. Røysa måler 8 m ANA-VSV og 4 m NNV-SSA. Høgda er ca 40 cm. Røysa er bygd av rundkamp og brotstein. Røysa er lyngkledt men det stikk stein i dagen fleire stader. Det vekst to samlingar av bjørk i røysa. Rett S for dei to røysane, på ei hylle i berget ligg røys 3. Røysa er langstrakt og ligg langsetter berget som strekk seg Ø-V. Røysa måler 7 m Ø-V og ca 3 m brei. Her veks ein del brake og lyng slik at røysa er vanskeleg å avgrense. Formen på røysa kan karakteriserast som uregelmessig. Røysa er bygd av noko rund stein men mest av brotstein. Røysa er delvis mura nær midten. Mogleg rest etter gravkammer eller mura kant i røysa.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
3 enkeltminner
Stedfesting
± 0 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.