Storie
Gravfelt

Sørheim - Fetts fk. 1/1-25, Sørheimsmoen

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Frå Fett: "Gravflokk på Sørheimsmoen kring ei gamal veglinje frå Støle til Austrheim og vidare inn i bygda. 1. "Toreklopphaugen" låg på toppen av ein naturleg grushaug halvhundre meter NV for Tjødno, 20 m S for bygdevegen. B 7876. 2. Røys ligg tett ved bygdevegen 75 m SO for vegskiftet, 40 m N for 1. 8 m i tvm., 1/2 m høg, litt overvaksen i kantane og mogleg jordblanda. Verkar urørd. 3. Røys 25 m NNV for 2, 20 m frå vegen. Kanten er uklar, men tvm. truleg 14 m, verkar låg. Røysa er jordblanda. 4. Haugrest? 8 m NNV for 3, som ein runda voll 7 m NV-SO, med skytebanegrav på NO-sida. 3/4 m høg over bakken. 5. Steinring ligg tett NV for sommarfjøset på Hetlebrekk. Sju steinar i ring, 7 1/2 -8 m ytre tvm. B 12059. 6. Steinring. 1 1/2 m NV for 5, 24 m NO for vegskiftet. Sju steinar i ring 6 m i tvm. 7. Steinring ligg kant i kant med 6 i NV. Fem store steinar av same slag som ovanfor, i ring 3 1/2 m ytre tvm. 8. Steinring tett NV for 7, av seks store steinar i ring 3 m i tvm. og med ein stein i midten. 9. Røys 11 m SV for vegen, 30 m frå NV-enden på grustaket ved 1, 35 m SV for 3. 7 m i tvm., 1/2 m høg. 10. Haug 17 m NV for 9, 6 m frå vegen, vel 8 m i tvm., ein god halvmeter høg, jordblanda røys med søkk i toppen. 11. Haug 2 m NV for 10, 6 m frå vegen. 10 m i tvm., 1 m høg, bygd av jord og stein med markert kant. Stort søkk i midten. 12. Haugrest? i søre kant av mjølkeplassen ved vegskiftet, 10 m NNV for 11. 13. Haug 33 m S for vegskiftet på ei slak naturleg høgning. 15 m i tvm., 14. Steinring ligg 1 m NV for 13. Nordaustre halvparten er ni store steinar i 8 m tvm. 15. Steinlegging tett NV for 14. 4-5 m i tvm., låg, ikkje heilt sikker. 16. Haug 37 m NV for 13, ved bytet mot bnr. 11, 16 m frå vegen. 10 m i tvm., godt 1/2 m høg, jordblanda røys, urørd. 17. Haug 50 m VSV for 13, stutt SO for ein myrpytt. 15 m i tvm., 1-1 1/2 m høg, bygd av jord og stein og er urørd. 18. Røys ligg på bnr. 11, vel 40 m V for 17, merkeleg nok ute i ei grunn myr, 5 m frå myrkanten. 7 m i tvm., låg, rund og pen, bygd av jamn, vanleg røysstein. 19. Røys ligg tett S for bygdevegen på toppen av ein grusrygg 60-70 m VNV for 16. 13 m i tvm., 1 1/2 m høg med tunnt jorddekke. 20. Røys 30 m VSV for 19 på toppen av grusryggen, mykje omrota og har søkk i midten. Truleg 7-8 m i tvm., 1/2 m høg. 21. Røys eit par meter VSV for 20, tvm. truleg ca. 10 m, 1/2 m høg. Søkk i midten. 22. Haug 30 m S for 20-21, truleg bygd på naturleg høgning. 10-12 m i tvm., 1 1/2 m høg, med fin reisning. 23. Røys ligg 6-7 m S for bygdevegen godt og vel 20 m NV for 20-21 på ein lågare grusrygg parallell med den førre. 10 m i tvm., 3/4 m høg. 24. Haug tett ONO for 23, berre skild med ei nedskjering. 6-7 m i tvm., litt tvilsam. 25. Haug, noko uviss, 7 m SV for 23 på same grusryggen. 8-10 m i tvm. og med store søkk i." I dag har gravfeltet 7 synlege røyser og steinsettingar. Det har vore 8 men fk 1/9 vart utgraven i 1969 av Bergen museum. Fk 1/10 ligg inntakt og er godt synleg i dag. Den låg vel 17 meter i frå 1/9 og er i dag vel 8 meter i tverrmål. Den er mellom 0,5

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
1 enkeltminne
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.