Skarvatun I
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Beskrivelse fra lokalitet: Restar av røyser i bytet mellom bnr. 2, 3 og 7. I Per Fett sin serie Førhistoriske minne på Vestlandet vert det vist til Biskop Neumann sine opplysingar om ei røys av store kampesteinar på eit nes av glimmerskifer. Den skulle vera om lag 12 meter i tverrmål. Per Fett skriv at han gjekk i stranda i 1970 for å leite opp røysa, men til ingen nytte. Problemet har nok heller vore at det ikkje er eit nes ved sjøen Neumann har meina, men eit bakkenes. Ca 100 meter sørvest for feltet er det eit markert bakkenes. Røysene ligg storslege til i eikeskog med vidt utsyn over fjorden (når lauvet er borte vel å merke). Dei er tilgrodd med mose, men elles er landskapet ope. Vert lagt inn som felt då det på registreringstidspunktet ikkje var tid til å avgrense nøyaktig. Må avgrensast meir nøyaktig. Beskrivelse fra Enkeltminne: Truleg minst tre gravrøyser på høgdedrag i bytet mellom bruk 2, 3 og 7. 100 meter opp og NNA for tunet på bnr. 2 og vel 170 meter SSV for tunet på bnr. 5. 150 meter VSV for tunet på bnr. 3. Etter vindfall frå stormen "Amy" natt til laurdag 04.10.2025 vart det meldt om mogleg skade på gravfeltet. Ved synfaring 23.10.2025 kan ein konstatere at dei tre "sikre" røysene ikkje har teke skade. Nokre meir tvilsame steinsamlingar lengre mot aust-søraust viser seg å ikkje vere gravrøyser, men laus fylitt. Dette var greitt å sjå i forhold til rotveltene. Feltet vil difor bli avgrensa slik at det omfattar dei tre røysene i Vest-nordvest.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Kvinnherad
Ølve kyrkjestad
Gravfelt· Kvinnherad
Kalven - Fetts fk. 1/1-2
Gravfelt· Kvinnherad
Øye - Fetts fk. 2/1-3
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.