Storie
Gravfelt

Samnøy - Fetts fk. 3/1-2 og 4, Torvneset

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Samlinga som inneheld eit helleristningsfelt og to gravrøyser, måler kring 40 x 2-5 m, orientert NO-SV. Helleristningsfeltet fk. 4 ligg lengst NO. Ristningane finst i sørlege delen av ei 5 x 2 m stor austvendt bergflate. Kring flata veks det nokre klungerbusker, ein rogn og ei einebuske. Bergflata er noko forvitra og har sprekker og avskalingar. Her er tre eller fire figurar. Fig. 1. Lengst oppe på berget er ein tolina båt som er kring 1,3 m lang. Linene er opptil 3 cm breie og 1,5 cm djupe. Mellom kjøl og relingsline går det 10-12 cm lange sambandsliner, over relinga er det 5-10 cm høge mannskapsstrekar. Relingslinene vert rulla opp i spiralar i begge endar. Fig. 2. 6-7 cm under fig. 1 er ei kring 90 cm lang, boga line som kan vera kjøllina til ein båt. Lina er broten av ei avskaling noko SV for midten. Fig. 3. Kring 25 cm under fig. 2 er ein 1,2 m lang einlina båt med 4-5 cm høge mannskapsstrekar. Litt NO for midten er der eit kring 10 cm langt parti der kjøllina ikkje kan fylgjast. Stamnavslutninga mot NO er usikker. Fig. 4. 20 cm frå nordre enden av fig. 3 er stamnen av ein einlina båt med tre mannskapsstrekar. Denne stamnen kan tilhøyra fig. 3 eller vera del av ein annan båt. 8 m SSV for helleristningsfeltet, på ein liten, skrånande avsats i bergflata, ligg gravrøysa fk. 3/2. Ho er kring 5 m i tverrmål, 0,5 m høg og tilvaksen med gras og mose. 0,2 - 0,5 m store steinar/blokker stikk i dagen kring i heile røysa. Midt i røysa er eit kring 1 x 0,5 m stort og 0,1 m djupt søkk, orientert NNO-SSV. I vestre kant av søkket ligg ei stor helle på skrå. I austre kant står ei mindre helle. Plasseringa er svært uvanleg for ei gravrøys og hadde det ikkje vore for det grunne søkket og hellene, ville det vore rimelegare å tolka dette som ei rydningsrøys. 14 m SV for fk. 3/2 ligg røysa fk. 3/1. Ho måler 12 x 3-4 m, orientert NNO-SSV, og er 0,2 - 0,3 m høg. Røysa er bygd av 0,3 - 0,8 m store blokker og er delvis tilvaksen med gras, mose og nokre einebusker. Ved kvar ende av røysa veks eit lauvtre.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
3 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.