Ringfigur hogge i bergflate i golv inne i Hansaselet
Fra Riksantikvarens beskrivelse
I samband med synfaring 09.06.2026, blei det dokumentert ein ringfigur som er hogge inn i eit flatt berg stølshuset er bygd oppå. Figuren er hogge inn i bergflata som utgjer golvet i fjøsdelen av stølshuset. Ringfiguren har diameter på ca. 17 cm, samt det som kan sjå ut som eit lite hol i midten med ei radiær linje som går 22 cm ut gjennom ringen i retning aust. Ein finn også fleire groper i denne bergflata, men desse er laga for å feste båsane til golvet. Som ein enkeltståande ringfigur kan den i utgangspunktet ikkje knytast til forhistoriske helleristningar, og sannsynlegvis er den laga i samband med bruken av stølshuset. Enten tidleg bruk av dagens stølshus som er frå slutten av 1800-talet, eller det eldre stølshuset som då blei erstatta etter å vere i ferd med å falle i ruin. Meininga med hogginga av figuren er uviss ettersom det ikkje finns overleverte beretningar om dette, men det kan tenkjast at det kan vere ein form for vernesymbol eller markering av eigedom/bruksrett. Det interessante er at i samband med ei arkeologisk registrering i 2015 langs høgspenttraséen for 22kV mellom Sima og Fossli, så blei det dokumentert ein liknande figur (id. 214868) på ei ope bergflate kring 300 m sørvest av Skytjedalsvatnet (Kulturhistoriske registreringar, rapport 29, 2015). Figuren er hogge inn i ei bergflate som ligg langs vegfaret kalla Bispevegen. Denne delen av Bispevegen heng samen med vegfaret som går vidare sørover over fjellet langs Svolnosvatnet, og ned til Isdalen og stølsområdet Kleivane. Dette er den tradisjonelle stølsvegen frå gardane i Simadal til stølsområdet Kleivane, og sjølv om det er uvisst kva for funksjon desse ringfigurane kan ha hatt, er nærliggjande å sjå dei i samanheng som markeringar knytt til bruken av både stølsveg og støl.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Uavklart
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Eidfjord
Garden - Fetts fk. 1/1-5, Mjusena
Gravfelt· Eidfjord
Fet - Gravfelt v/Bjoreio
Gravfelt· Eidfjord
Fet - Fetts fk. 1/1-?, Brakane
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.