Storie
Gravfelt

Reset

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Feltet består av 1 rund og 2 rektangulære steinlegninger, 3 rundrøyser, 1 langrøys og 4 bautasteinar. Den runde steinlegningen ligg lengst i NV. Klart markert, men lite synleg. Gras- og torvkledd med nokre bjørk. Større og mindre stein og heller syner.Ligg over og dekker ei fure i fjellet, som i S-kant er ca 4 m br. og 1-1,5 m djup. Noko omrota. Fotkjede syner langs det meste av kanten, men vantar i NØ. D. ca 12 m, h. 0,2-0,6 m. Ein rektangulær steinlegning ligg lengst i SØ. Uklart markert og lite synleg. Mose- og graskledd med nokre bjørk. Ein del stein syner. Noko omrota. I V-delligg ein det bjørkeris. Orientert Ø-V. L. ca 9 m, br. ca 4 m. Den andre er usikker og ligg i NV-del. Uklart markert, men nokså godt synleg. Litt gras og noko bjørk, ein raun. Berre ein kant av mellomstore heller ligg att langs SV- og SØ-kant. Ellers er det for det meste nakne fjellet og ein del åkerstein. Orientert NV- SØ. L. ca 9 m, br. ca 3,5 m, h.ca 0,4 m. Rundrøysene ligg omlag midt i feltet. Klart markert og godt synlege. Delvis gras- og mosekledd med nokre lauvtre. Bygd av større og mindre stein og heller. 2 er mykje utgravd i midten. Den tredje tykjest vera urørt, den har også fotkjede og bauta. D. ca 8 m, h. 0,5-0,6 m.Langrøysa ligg i NV-del. Noko uklart markert og lite synleg. Delvis graskledd med nokre bjørk. Mange mindre steinar syner. Utglidde kantar, men urørt. Orientert NV-SØ. L. ca 9 m, br. ca 3,5 m, h. ca 0,5 m. Bautasteinane er alle i same området som rundrøysane. Berre ein står oppreist på den urørte rundrøysa med fotkjede. Den er breiast ved foten og smalnar avmot toppen, der den er jamnt avrunda. Svært symmetrisk. Kanten er tilhogd frå to sider. To større heller eller steinar ligg inntil breisidene. Heller ca 12o mot N. Orientert ØNØ-VSV. H. 2,7 m, br ved foten 1,2 m, br. i toppen 0,4 m, tykkelse 0,12 m. Dei andre bautaene består av utildanna heller, rett eller skrått avslegne i toppen, avsmalnande frå foten. Ingen av desse ståroppreist. Ein ligg i ei mykje utgravd rundrøys med toppen mot SSØ. Dei andre ligg rett på fjellet med nokre få mellomstore steinar ikring. L. 2,35 m, 2,7 m og 2,15 m, br. ved foten 0,93 m, 0,9 m og 0,6 m, br. i toppen 0,6- 0,45 m, t. 0,1-0,25 m. Alle fornminna ligg på fjell.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
11 enkeltminner
Stedfesting
± 0 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.