Storie
Gravfelt

Reheia

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Lengst i NA på dyrka mark , N del nytta til beite; 1. Rundhaug med bratte sider. Klårt markert og svært godt synleg. berre få steinar syner i overflata. I toppen plyndringsrop med d. ca 5 m og ca. 1m djup. Også søkk etter graving i SV sida. I SA og NV kant er den skada ved jorddyrking slik at eit mindre segment er fjerna. I A del står ei enkel telefonmast og ca 1 m utafor SSV kant står ei A forma dobbeltmast for telefon og el.forsyning. Over SA del går eit steingjerde NA-SV. Graskled. D; ca 33 m, h;ca 4,5 m.Frå haugen bronsealder funna C 566 -570. Haugen er identisk med Bendixens haug nr. 5. I dyrka mark ca 16 m VSV for 1: 2. Bautastein. godt synleg frå SA og NV. Orientert A-V , består av ei naturleg helle som over marka består av ein del laskar av sement og jernstenger som synerpå både sider nederst ( 2 påkvar side) så steinen må vera satt samnan av minst to deler. Toppen er tilhogd og spissoval med topp midt på ( Dette er iølgje Harald Utvik ikke opphavleg) Det verkar som eit stykkje er slege av i V kant nederst. Bautasteinen er identisk med Bendixsen nr 8.Høgd ca 2,8m , br.,ved rota 0,9 m, tjukne 0,2 m. I dyrka mark 35 m VSV for 1: 3. Rundhaug med bratte sider. Klart markert,syner godt i lendet. Synes vesentleg å væra bygd av jord,uten synlege steinar. Frå SA og mot NV inn mot midten er gravt ei grøft der sidene nå er skrått innrasa. Grøfta er ca 15 m lang og omlag 2 m br. ytterst og ca 6 m bred innerst der den nå er ca 2,5 m djup. I SA kant , 2-3 m SV for den store grøfta går eit trekanta søkk mot VNV ca 7-8 m, br. ved kanten 5-6 m. I gropa litt innafor kanten er det lagt ein del stein fopr ikkje lenge sidan, ei liknande grop finnst og innafor kanten mot SV. På NA sida, 0,5 -1 m under toppen, er ein 7 m lang raskant som skuldast graving av beitesau. her syner jord,trekol og småstein Haugen er ompløgd like inntil kanten. NV halvdel ser ut til å vera noko nær heilt bevart.Mål;d.35 m h. ca 5 m.Frå haugen funna B1616,B 1893. Haugen er den same som Bendixens haug nr 11. Haugen kalles Prinsehaugen eller Guttormshaugen. I dyrka mark 95 m VSV for 3: 4. Rundhaug, klart markert og godt synleg i lendet. Bygd av jord, få synlege steinar. Masse synes å vera teken frå midtpartiet som nå er avflata og skrår mot SA. Toppen er derved nokså mykje teken bort. Kanten synes skada ved at det er pløyd inn i haugen i alle fall i NA kant, men også mindre skader i og ved kanten i SV,S og SA. Her og der langs kanten i SV og S syner noko stein ,neppe fotkjede. Graskledd.Mål: D:29 m, h. ca 3 m. Haugen er den same som Bendixens haug nr.30. I dyrka mark ca 75 m VSV for 4: 5.Rundhaug klart markert, syner godt i lendet Bygd av jord, få synlege steinar. Eit steingjerde går ca NA-SV over NV kant. Toppen er avteken og masse er fjerna slik at det går eit søkk frå midten mot kanten i A, l. 11 m br. ca 6 m. Kanten er skada i N der nokre steinar syner. Truleg har ein pløgd inn i kanten av haugen , mest i A og S der noko stein syner langs kanten. Tilvaksen med høgt gras som skjuler detaljane.Mål; d 25 m, h. ca 3 m. Identisk med Bendixens haug nr.36. På kulturbeite ca 60 VSV for 5: 6. Rundhaug klårt markert og godt synleg i lendet. Bygd av jord . Få steinar syner. Oppgravt i midten der det er eit krater ca 4m i d. og ca 1m djupt. Noko utrasa stein frå eit steingjerde som går A-V over toppen syner i botn og i N kant. I NV støyter kanten til dyrka mark. Søkk innafor og langs kanten vitnar om masseuttak. Profilen er difor ofte konveks her. Tilvaksen med høgt gras som skjuler detaljar.Mål,d. 22m, h. 2,5 m Haugen er den same som Bendixens haug nr.37. På kulturbeite ca 155 m VSV for 5: 7. Rundhaug, klårt markert,godt synleg i lendet. Bygd av stein og jord.Noko stein syner i midten , der toppen er avteken over eit område med d. 6-7 m. Overflata her er ujamn med eit par mindre gropar. Det er dyrka inntil kanten i N og V. Gropar langs kanten tyder på at stein (fotkjede ?) er fjerna der. GraskleddMål; d 16 m, h.1,5 m Haugen er den same som Bendixens haug nr.39. Ca 1 m A for 5: 8. Fjerna rundhaug ? Vekslande markert , lite synleg i lendet. Noko stein synar. Det meste er fjerna , berre eit segment 8- 9 m A-V og 4 m N-S med buen vendt mot N ligg att. Høgd opptil 3/4 m. Grasskledd. Kontrollregistrering ved Rogaland fylkeskommune 1.2.2018: 9. Botnlag rundhaug. Dårleg markert, lite synleg. Særs dårleg markert i V del. Låg graskledd haug, ligg mellom haug 3 og 4. Svak oval orientert NA-SV. D. 27 m, h. 0,2 m. Røysa blei kategorisert som «botnlag og rester etter fjerna haug» på kart av Overtollbetjent Vedøe (1832) og Bendixen (1876) (Nordenborg Myhre 1998: 74-75) 10. Rest av gravrøys. Klart markert, dels synleg. Oval. D. 4,6 m, h. 0,3 m. Ligg delvis under gardfar i S-del. Steiner synlege i SV- og A-del. I midten av røysa ligg ei d. 1 m stor helle. Tjukkleik ca. 10 cm. Hella har jamn overflate, men dels ujamn i form rundt sidene. Røysa blei kategorisert som «botnlag og rester etter fjerna haug» i kart av Bendixen 1876 (Nordenborg Myhre 1998: 74)

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
10 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.