Storie
Gravfelt

Øverlandet Fetts fk.nr. 2

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Gravfeltet inneheld 28 gravhaugar. Haugane tykkjest vere av stein og jord. Dei fleste er godt synlege, men mange er uklårt markerte fordi dei har vore plyndra eller er skadde på annan måte. Ein traktorveg skjer skrås over stykket til bnr. 6 og møter gamlevegen opp frå terrassen mellom haugane Fetts fk.nr. 2/16 og 2/32, like sør for haugen fk.nr. 31. Haugen fk.nr. 2/32 er lett synleg der han ligg heilt framme på terrassekanten. Traktorvegen har teke nordvestre delen av haugen, og den er elles noko skadd i kantane og i toppen. Nedanfor fk.nr. 2/32, i bakkehellinga, ligg haugane fk.nr. 2/34 og 2/35. Haugen fk.nr. 2/34 er ein langhaug, 8,5 x 3,5 m, orientert NV - SO. Like ONO ligg haugen fk.nr. 2/34, låg og uklårt markert. Gamlevegen skjer gjennom fornminnefeltet og har skadd nokre av haugane. Haugane fk.nr. 2/16, 2/10 og 2/9, ligg på line tilnærma S - N på vestsida av gamlevegen, mens haugane fk.nr. 2/31, 2/30 og 2/24, ligg sameleis på austsida. Vegen har i alle høve skadd fk.nr. 2/16, 2/24 og 2/30. Haugane fk.nr. 2/13 - 16, ligg på line, orientert VNV - OSO. Tverrmålet må ha vore på mellom 6 - 10 m, men dei er no mykje avskava. Nokre av haugane tykkjest vere urørte, det gjeld mellom anna fk.nr. 2/23, 2/25 og 2/27. Det finst sju sikre langhaugar i feltet, fk.nr. 2/10, 2/20, 2/23, 2/26, 2/33, 2/34 og 2/37. Det tykkjest korrekt å innlemme fk.nr. 2/19 i denne kategorien fornminne, sjølv om haugen tidlegare har vore rekna som rundhaug. Alle langhaugane er orienterte langsetter terrassen, aldri i nord-sørleg retning. Den største av langhaugane, fk.nr. 2/33, måler om lag 25 x 8 m, orientert VNV - OSO. Høgda er 0,5 m. Haugen er delt av vegen som fører til 8/59. 4 m lenger O ligg ein annan stor langhaug, same orientering med måla 20 x 6 m. Haugen er merka som fk.nr. 2/37. Med unnatak av denne langhaugen (samt den delen av langhaugen, fk.nr. 2/33, som ligg O for vegen til 8/59) ligg alle fornminna på bnr. 6. Ein må likevel minne om at dei fornminna som her er nemnde viser til det som i dag ligg att av gravhaugar i dette området av Øverlandet, og seier lite om den opphavelege utbreiinga.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
28 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.