Østabøstødl
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Feltet består av minst 36 rundhauger og 1 langhaug. 4 rundhauger ligg i VNV del av feltet, resten i ØSØ del. Dei største er klart markert og godt synleg, dei minste vekslande markert, fleiresvert uklare. Dei er også vekslande synlege, nokre er nokså vanskelege å få auga på. Alle er graskledde, fleire også med bjørnebærris og nokre med lauvtre. Dei synes å vera bygde av leirjord utan stein og er meir eller mindre utgravd, ofte med grop i midten. 3 har fotgrøft på ei side og ligg på framspring i terrassekanten midt på og lengst NNV på feltet.Ein annan med fotgrøft i N og S ligg på ein liten hol omgitt av myr i VNV del av feltet. Den største haugen ligg omlag midt i feltet og synes danna ved erosjon og seinere tiljevna på overflata. Den er utrasa mot NV og Ø og er mykje omrota i toppen. D. ca 20 m, h. ca 5 m. Østabø 9/2, Bjørkhaug 10/2 og Skeie 11/2, Vindafjord k. Ein annan måler ca 16 m id.og er ca 2,5 m h. 10 haugar har d. 8-13 m, h. 1-2,5 m, ein av dei har d. 0,4 m. 13 haugar har d. 7 m og h. 0,4-1,5 m, 9 haugar har d. 5-6 m og h. 0,4-0,6 m og 2 haugar har d. 4 m, h. ca 0,4 m. Langhaugen ligg i ØSØ del. Den er omlag båtforma. Orientert NV-SØ. Klart markert og nokså godt synleg. Graskledd. Grop midt i. L. ca 13 m, br. ca 3 m, h. ca 0,8m. Langs SSV sida av feltet går 2 holvegar ca 2-30 m frå ein annan. Dei er 2-3,5 m br. og inntil 1,75 m djupe. 1 rundhaug lengst i VNV ligg på 10/2, 2 øydelagte rundhaugar lengst i SSV ligg på 11/2, resten ligg på 9/2.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Uavklart
- Enkeltminner
- 37 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Vindafjord
Østabøstødl
3 registreringer med dette navnet · 59.5503, 5.8349
Gravfelt· Vindafjord
Østabøstødl
3 registreringer med dette navnet · 59.5508, 5.8308
Gravfelt· Vindafjord
Østabøstødl
3 registreringer med dette navnet · 59.5513, 5.8299
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.