Storie
Bergkunst

Nyreg. Seljesete

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Dei ni lokalitetane ligg innan eit område som strekkjer seg kring 305 m i retninga NNO-SSV.Samlinga R 11 omfattar ein gropestein og tre gropeberg.Det første gropeberget ligg knapt 50 m NNO for R 10 og kring 10 m SSV for selet til Hans Edvin Prestegård. Det er eit N-S gåande forvitra sva. På den sørlege delen av berget, innan eit 5 m langt område, ligg det opptil 14 groper, 4-6 cm vide og 1-2 cm djupe. Ein del av desse er om mogleg naturlege.Gropesteinen ligg kring 10 m NNO for gropeberget, utanfor det søraustre hjørnet på det nyoppsette selet til Hans Edvin Prestegård. Steinen som er noko forvitra, er 80 x 50 m vid. På han er det 2 tydelege groper med 7 cm mellomrom. Dei er 4 cm i tvm. og 1,5 cm djupe. Steinen tykkjest vera laushoggen frå eit sva.Det andre gropeberget ligg ca.15 m OSO for gropesteinen, tett S for selet til Jan Haugen. Det er eit N-S gåande sterkt forvitra sva, delvis overgrodd. Innanfor eit 2 m langt område, ligg det 3 sikre groper, 4-5 cm i tvm. og 2-3 cm djupe. Her er fleire gropeliknande fordjupingar, men dei er truleg naturlege.Det tredje gropeberget ligg kring 15 m ONO for det føregåande. Det er her tale om eit VNV-OSO gåande forvitra sva. Her er 3 groper i SO, 4-5 cm i tvm. og 1 cm djupe. Kring 2,5 m lenger NNV på svaet, er det 2 store groper, 6 og 9 cm i tvm. og 2,5 og 5 cm djupe.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
1 enkeltminne
Stedfesting
± 0 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.