Nordtun - Fetts fk. 9, Nordra Markjo
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Ny skildring 2022: Ved kontrollregistrering i 2022 vart det registrert 13 røyser på et areal som strekk seg ca. 63 m N-S og 28 m V-A. Fleire av røysene var registrert i Askeladden frå før,geometrien på desse er oppdatert med CPOS RTK-fast GPS. Det ligg to røyser lengst nord 72840-9 og 72840-10. Den nordlegaste 72840-9 har ei fin jamn sirkulær form og er ca. 3 m i tverrmål og omlag 70 cm høg. Medan 10 er meir ujamn i overflata, usikkert om dette er ei skada gravrøys kor det er tilført rydningsstein i seinare tid, eller ei rydningsrøys. Omlag 22 m sør for dette ligg ei gruppe med 7 røyser (fleire av dei registrert i askeladden frå før, men med oppdatert geometri og skildring). Lengst sør om lag 25-30 sør for dette ligg fire røyser. Opphaveleg skildring (truleg frå Fett 1973): Innanfor eit område som måler 22 m N-S og 18 O-V er her 7 gravrøyser. Røys 1 som ligg lengst SO, er 3,5 m i tverrmål og 0,5 m høg.Inntil kanten av denne mot V ligg røys 2. Ho er 5 m i tverrmål og 0,5 m høg. Røys 3 ligg 4 m V for nr. 2. Ho måler 7 x 5 m, orientert N-S, og er 0,75 m høg. Røys 4 ligg 2 m NV for nr. 3. Ho har eit tverrmål på 3,5 m og er 0,5 m høg. Røys 5 som ligg 7 m ONO for nr. 4, er 5,5 m i tverrmål og 0,75 m høg. Røys 6 ligg 1 m VNV for nr. 5. Ho er 2,5 - 3 m i tverrmål og høgda er 0,3 m. Inntil denne mot N ligg røys 7, som er 6 m i tverrmål og 0,75 m høg. Alle røysene er graskledde, men steinar stikk i dagen kring i dei. Ingen av røysene har klåre spor etter plyndring. NB! 27 m NNO for røys nr. 7 ligg det ei mogleg gravrøys inntil eit berg som stikk i dagen. Tverrmålet er 4 - 5 m og høgda 0,75 m.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 17 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Bømlo
Meling - Fetts fk. 1, Saughussletto
Gravfelt· Bømlo
Meling - Fetts fk. 3/1-2
Gravfelt· Bømlo
Sønstabø - Fetts fk. 5
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.