Nordhuglo - Fetts fk. 5/2-13
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Gravfeltet, som inneheld minst 9 haugar, måler kring 100 x 25 m, orientert NNV-SSO. Haugen fk. 5/2 er kring 6 m i tverrmål og 0,75 m høg. Han er graskledd, men ein kan kjenne steinar under torva. Haugen er bygd inntil ei stor, jordfast blokk i S, og i vestlege del stikk to blokker i dagen. Det veks einebusker langs sørlege kant av haugen. Haugen fk. 5/3 ligg 3 m SO for fk. 5/2. Han er kring 4 m i tverrmål, 0,5 m høg og tilvaksen med gras, mose og tett einekratt. Haugen er bygd kring ei jordfast blokk i vestlege del. Haugen fk. 5/4 ligg 16 m V for fk. 5/2. Han er sterkt tilgrodd med eine og er særs uklårt markert. I fylgje Fett skal han vera 7-8 m i tverrmål og låg. Haugen fk. 5/5 ligg 17 m NNV for fk. 5/2, inntil nordsida av bytesgjerdet. Han er 5,5 m i tverrmål, 0,5 m høg og grasvaksen. Nokre blokker stikk i dagen kring i haugen. Frå vestlege kant til midten av haugen går det eit 2 x 1 m vidt og 0,5 m djupt søkk, orientert O-V. I nordlege kant av haugen veks det ei einebuske. Haugen fk. 5/6 ligg på terrassekanten 17 m NNV for fk. 5/5. Dersom dette er ein gravhaug, er det berre ein rest som ligg att, 5,5 x 3,5 m i tverrmål, orientert NNV-SSO. Haugen er låg og graskledd. Haugen fk. 5/7 ligg 16 m NNO for fk. 5/6 og 2 m SV for sørvestlege hjørnet av eigedomen til Martha Brandvik. Tverrmålet er 4-5 m og høgda omlag 0,3 m. Haugen er grasvaksen, men nokre blokker stikk i dagen. I nordlege kant av haugen veks ei einebuske. Haugen fk. 5/8 ligg 4 m NV for fk. 5/7, og er kring 6 m i tverrmål og 0,25 m høg. Han er grasvaksen, men ein del blokker stikk i dagen i austlege del. I vestlege del av haugen veks det tett einekratt. Haugen fk. 5/9 ligg 2 m NO for fk. 5/8. Tverrmålet er kring 6 m, og høgda 0,3 - 0,4 m. Haugen er grasvaksen, men nokre steinar stikk i dagen. Røysa fk. 5/10 og haugane fk. 5/11-13 kunne vanskeleg erkjennast under registreringa. Her er ein god del steinar, blokker og tuer i området og det veks dessutan eine- og mistelteinkratt. Dette gjer det vanskeleg å skilja ut kva som er mogeleg gravrøyser/haugar.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 12 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Stord
Nordhuglo - Fetts fk. 3/1-3
Gravfelt· Stord
Sørhuglo - Fetts fk. 8/1-3, Skarvane
Gravfelt· Stord
Sørhuglo - Fetts fk. 5/1-2, Kumleneset
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.