Storie
Gravfelt

Nese - Fetts fk. 1/3-7

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Feltet måler 125 x 20 m, orientert NO-SV. Røysa Fetts fk. 1/3 ligg 25 m ONO for gravhaugen fk. 1. Ho ligg på ein knaus der mykje stein er påkasta/murt opp langs kanten. I følgje Fett er røysa tvilsam og det er i dag vanskeleg å gje noko nøyaktig tverrmål og høgde. Røysa er tilvaksen med gras og rognebusker. Ein stolpe står oppå røysa. Røysa Fetts fk. 1/4 ligg 10 m NNO for fk. 3. Ho er 12 m i tverrmål og 1,5 m høg. Her er mykje innpåkasta/oppmurt stein i nordaustre del av røysa. Denne oppmuringa går i framhaldet av steingarden, men vinkelrett på denne. Røysa er grasvaksen med berg stikkande i dagen i S og SV. Røysa Fetts fk. 1/5 ligg 15 m NNO for fk. 1/4. Ho er 8 - 10 m i tverrmål, 1 m høg og er grasvaksen med ein del 0,2 - 0,3 m store steinar stikkande i dagen. Røysa verkar avflata på toppen. I søre del av røysa går ein steingard beint over. Denne steingarden går også over dei to fylgjande røysene. I nordre kant av røysa er det støypt ein sementmur. Røysa Fetts fk. 1/6 ligg tett NO for fk. 1/5. I fylgje Fett skal røysa ha vore 10 m i tverrmål og 1 m høg. I dag ligg berre restar att. På den delen av røysa som ligg på NV-sida av steingarden er det planta gran. På SO-sida av steingarden kan ein sjå meir av den opphavelege forma på røysa då ho her er heilt grasvaksen. Haugen Fetts fk. 1/7 ligg 15 m NO for fk. 1/6. Han er 10 m i tverrmål og 1 m høg. Haugen er grasvaksen med nokre spreidde grantre på NV-sida av steingarden. Mykje skrot ligg påkasta i nordaustre kant.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
5 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.