Møkster - Fetts fk. 3/1-4, Skattneset
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Samlinga inneheld 4 røyser og måler kring 20 x 10 m, orientert N-S. Røysa fk. 3/1 ligg lengst SO. Ho er 7 m i tverrmål, opptil 0,75 m høg og bygd av 0,1 - 0,5 m store steinar/blokker, dei fleste 0,2 - 0,3 m. Det veks noko gras på røysa, men steinane/blokkene ligg for det meste i dagen. I S og O er ho noko utkasta. Røysa er heller klårt markert og godt synleg i lendet. Røysa fk. 3/2 ligg kant i kant med fk. 3/1 mot NNO. Ho er 7 m i tverrmål, 0,5 m høg og bygd av 0,1 - 0,6 m store steinar/blokker, dei flest 0,3 - 0,4 m. Det veks litt gras og bregne på henne. Røysa er omrota og utkasta mot NO. Ho er heller klårt avgrensa bortsett frå mot V, og er bra synleg i lendet. Røysa fk. 3/3 ligg 1,5 m VNV for fk. 3/2. Ho er svært uklårt markert og vanskeleg å avgrensa. Tverrmålet kan vera kring 5,5 x 2,5 m, orientert NNO-SSV. Høgda er 0,3 - 0,4 m. Røysa er grasvaksen, men ein del 0,2 - 0,5 m store steinar/blokker stikk i dagen, særleg i sørlege delen. I skråninga NO for røysa ligg ein del utkasta steinar/blokker. Røysa fk. 3/4 ligg 1,5 m SSO for fk. 3/3 og inntil vestre kant av fk. 3/2. Her ligg eit lag av 0,2 - 0,4 m store steinar/blokker med grasvokster mellom. Tverrmålet er 2,5 m og høgda kring 0,25 m. Dette kan vera ei eiga røys, eller eventuelt utkasta steinar/blokker frå fk. 3/2. NB: 4 m V for fk. 3/1 er det laga ein 3,5 x 2 m stor firkanta oppmuring av 0,1 - 0,3 m store steinar. Murane er 0,4 - 0,5 m brei og opptil 0,3 m høge. Inni firkanten veks det gras. I fylgje Fett er dette "visseleg ein nyare leikestad". Av heilt ny dato kan han likevel ikkje vera, avdi steinane er delvis tilvaksne med grastorv.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 4 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Austevoll
Møkster kyrkjestad / Møkster kyrkje 3
Kirkested· Austevoll
Austevoll gamle kyrkjestad
Kirkested· Austevoll
Stora Kalsøy kyrkjestad / Store kalsøy kyrkje
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.