Storie
Gravfelt

Lurhaug

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Feltet består av 12 rundhauger, 9 langhauger og ei grop som alle ligg tett saman. Rundhaugene er spredt over heile feltet. Dei fleste er klart markert, men lite synlege. Alle er graskledde. Mest alle har grop i midten. På nokre ligg det stein ved sida av gropa (frå gravkammer?) berre ein er kanskje urørt. Ein har fått SV-tredjedelfjerna ved grustak. Profilen viser at den er bygd av jord/grus utan stein. 3 haugar har d. 8-9 m, h. 0,7-0,75 m, 6 haugar har d. 6-7 m, h. 0,3-0,6 m og 3 har d. 4-5 m, h. 0,2-0,4 m. Langhaugane finns over heile feltet, men med ein konsentrasjon i N-kant. Orienteringa varierer omkring N-S og Ø-V. dei fleste er klart markerte, men lite synlege.Alle er graskledde og med lite synleg stein. Ingen er urørte. Nokre har groper mens mest berre botnlaget er att av andre. 4 har reiste steinar i eit eller fleire hjørner, ein av desse har reiste stein i alle fire hjørner. Steinane er ca 0,3 m h. 4 haugar har 1. 11-14 m, br. ca 2,5 m, h. 0,1-0,5 m, mens 5 er 7-9 m 1., br. 2,5-4 m, h. 0,2-0,5 m. Gropa liggi N-kant av feltet. Klart markert, men mindre godt synleg. Graskledd og utan synleg stein. D. ca 3,5 m, dybde ca 1,25 m. Ein gamal veg (sti) går NNV-SSØ over feltet. Den synes å gå opp til Gjerå.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
21 enkeltminner
Stedfesting
± 0 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.