Storie
Bergkunst

Ljono - Skålgropstein

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Beskrivelse fra lokalitet: Gropene ligg på overflata av ein stein som såvidt stikk opp av jorda. Steinen har i seinare år for det meste vore dekt med grasvaksen bø, men kjem fram i samband med pløying. No er det åker rett nedanfor og grunneigaren hadde difor grave av steinen i det høvet. I samband med registreringa vart heile overflata av steinen frilagd. Steinflata er 1,0 x 0,8 m. Han er orientert NO-SV. På sørvestre del av steinen ser det ut til å vera flakna av eit tunt lag, likevel ikkje tjukkare enn at botnen på gropene synest. Gropene tykkjest vere hogne i 3 rekkjer i steinen si lengderetning. Lengst mot NV går ei rekkje med 6 groper. Parallelt med denne rekkja ligg det på den nordaustre halvdelen av steinen ei rekkje med 4 groper. I mellom desse to rekkjene ligg to enkle groper. Frå midt på steinen mot SV ligg det ei ny rekkje med 4 groper. Heilt i vestre hjørne på steinen ligg ei grop for seg sjølv. 10 cm SO for den midtre rekkja ligg 4 grunne groper i ein halvsirkel. 15 cm O for desse ligg ei grop for seg sjølv og på den nordaustlegaste delen av steinen ligg to groper for seg. Dei 24 gropene er mellom 3 og 7 cm i tvm. og 0,5 - 3,0 cm djupe. 37 m VSV for gropesteinen skal det vera skålgroper på eit fyllittberg, som idag er dekt med grasvaksen bø. Beskrivelse fra Enkeltminne: Gropene ligg på overflata av ein stein som såvidt stikk opp av jorda. Steinen har i seinare år for det meste vore dekt med grasvaksen bø, men kjem fram i samband med pløying. No er det åker rett nedanfor og grunneigaren hadde difor grave av steinen i det høvet. I samband med registreringa vart heile overflata av steinen frilagd. Steinflata er 1,0 x 0,8 m. Han er orientert NO-SV. På sørvestre del av steinen ser det ut til å vera flakna av eit tunt lag, likevel ikkje tjukkare enn at botnen på gropene synest. Gropene tykkjest vere hogne i 3 rekkjer i steinen si lengderetning. Lengst mot NV går ei rekkje med 6 groper. Parallelt med denne rekkja ligg det på den nordaustre halvdelen av steinen ei rekkje med 4 groper. I mellom desse to rekkjene ligg to enkle groper. Frå midt på steinen mot SV ligg det ei ny rekkje med 4 groper. Heilt i vestre hjørne på steinen ligg ei grop for seg sjølv. 10 cm SO for den midtre rekkja ligg 4 grunne groper i ein halvsirkel. 15 cm O for desse ligg ei grop for seg sjølv og på den nordaustlegaste delen av steinen ligg to groper for seg.Dei 24 gropene er mellom 3 og 7 cm i tvm. og 0,5-3 cm djupe.37 m VSV for gropesteinen skal det vera skålgroper på eit fyllittberg, som idag er dekt med grasvaksen bø.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
1 enkeltminne
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.