Listeinsmonen (Verksmonen) / Kongshaugen
Fra Riksantikvarens beskrivelse
I Listeinsmonen (Verksmonen) låg tidlegare det største gravfeltet i Setesdalsregionen med 43 gravhaugar. Berre den største av dei, Kongshaugen, finst ennå. Kongshaugen skulle vere rundt 30 m i diameter og rundt 3 m høg. Arkeolog Nicolay Nicolaysen grov ut Kongshaugen og nokre av dei andre gravhaugane i 1882. Ved Kongshaugen stod det ein bautastein med denne runeinnskrifta: "Arnstein reiste denne steinen etter Bjor, son sin, som døydde i Godinis hær då Knut dro til England". (Bjor Arnsteinsson var altså med i Godwins hær for å hærta England for den danske kongen Knut den mektige, men blei drepen i 1014). Faren, som heitte Arnstein, skreiv på baksida: "Gud er ein". Evje Nikkelverk heldt til her i 1871-1946, derfor skifte Listeinsmonen namn til Verksmonen, og då blei alle dei små gravhaugane øydelagde. Kongshaugen ligg bevart, men han er blitt noko mindre enn han var. Dessverre blei bautasteinen slegen sund og mura inn i ein skorstein på Galteland, men i 1875 blei delane tekne ut att or skorsteinen og frakta til Universitetets Oldsaksamling, nå Kulturhistorisk museum i Oslo. I år 2000 sette Evje og Hornnes sogelag opp ein kopi av bautasteinen, og området blei erklært som tusenårsstaden for Evje og Hornnes kommune. Nokre år seinare blei det rekonstruert ei rund steinsetjing rundt bautasteinen slik det hadde stått tidlegare. Bautasteinen blir au kalla Galtelandssteinen. Eit lite stykke nord for Galtelandssteinen står det ein minnestein med årstalet 1872 til minne om då Evje Nikkelverk bygde smeltehytte i Fossvik i kanten av moen. Minnesteinen med årstalet 1872 stod tidlegare på haugen utanfor direktørbustaden for Evje Nikkelverk, men er blitt flytta hit til tusenårsstaden.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Evje og Hornnes
Solheim
Gravfelt· Evje og Hornnes
Gravfelt – Saueneset
Kirkested· Evje og Hornnes
Hornnes kirkested
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.