Kvitneset, Heeres-Kusten-Batt.
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Kystbatteriet på Kvitneset høyrde inn under Artillerigruppe Ålesund. Batteriet vart etablert i juni 1941. Det hadde då fire kanonar av typen K331(f). Våren 1943 vart desse skifta ut med fire 8,7 cm Flak(r). Desse kanonane hadde ei skotvidde på 14 000 meter. Anlegget på Kvitneset omfatta i alt 83 einskilde objekt. Her var brakker, bunkerar, kanonstillingar, tunnelar og diverse andre bygningar og anlegg. Minst 68 einskilde minne står i dag att etter dette anlegget. Like sør for festninga låg der ein leir for russiske krigsfangar. Om lag 60 fangar budde i leiren det meste av tida, men her kunne vere opp til 105. Fangane budde i fire skur. Skura var åttekanta, og laga av kryssfiner. I 1943 og 1944 var kystbatteriet på Kvitneset i kamp fleire gongar. Det vart då skote mot allierte flystyrkar.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Plan- og bygningsloven
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.