Storie
Gravfelt

Hope - Fetts fk. 4a

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Feltet inneheld 5 røyser der 3 av dei ligg ute på kanten før det tek til å verta bratt att, medan dei andre 2 ligg NO for desse. Røysene strekkjer seg over eit område som er 40 m langt. Den nordlegaste røysa er kring 6 m i tverrmål og knapt 1 m høg frå nedsida. Ho er heilt tilvaksen med lyng, men nokre 30 - 40 cm store steinar/blokker stikk i dagen i toppen. 10 m SV for denne ligg ei røys som er 7 x 5 m og orientert N-S. I midten er eit 3 m langt og 1,5 m breidt søkk, der 30 - 60 cm store steinar/blokker stikk i dagen. Røysa, som er 0,5 m høg, er elles tilvaksen med mose og lyng og det veks eit grantre i nordre kant samt ein sprake og to små lauvtrebusker. Dei tre røysene framme på kanten er 2 - 3 m i tverrmål og knapt 0,5 m høge. Dei er tilvaksne med mose og bærlyng, men ein merkar godt steinane under. Desse tre røysene kan vel godt vera rydningsrøyser. Dei to største må derimot helst tolkast som gravrøyser.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
5 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.