Storie
Bergkunst

Holo - Lokalitet 1 (K1 og K2)

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Beskrivelse fra lokalitet: Store fyllittblokker liggande ute på stølsbeitet med skålgroper. I samband med utrasinga av blokka er den blitt delt i to, ein stor og ein noko mindre del. Det har då danna seg ei kløft mellom blokkene. Denne kløfta er i dag fylt med stein. Beskrivelse fra Enkeltminne: Lokalitet 1: Jan Adriansen (2005) nemner dette som K1 og K2. To store fyllittblokker liggande ute på stølsbeitet. I samband med utrasinga av blokka er den blitt delt i to, ein stor og ei noko mindre del. Det har danna seg ei kløft mellom blokkene som i dag er fylt med stein. K1 - Den største blokka er vel 3 meter høg og ligg med flatsida skrått ned i terrenget. Det går slik an å gå opp frå søraust. Flata er relativ flat, men har mindre ryggar i lengderetninga. Målet kan omtrentleg seiast å ver 6 x 3,5 meter. Gropene er påvist på øvste partiet og ligg langs brotkanten, dei synlege gropene var lokalisert frå kanten og nedover ein halv meter. Gropene på toppen er mellom 5 og 8 cm. i tverrmål, og 2 til 3 cm. djupe. Talet groper er i alle fall 5 eller meir. K2 - Ligg rett nordaust for K1, denne er mindre og høgda er vel 1,8 meter. Kløfta mellom lokalitetane er vel 0,5 meter og fylt opp med stein. Det ligg og stein oppå kanten, delvis over gropene på blokka. Synfaringa viste at også her er det 5-6 groper synleg, men stein, mose og torv gjer det uråd å gje eit eksakt tal groper. Gropene her er liknar dei som ligg på toppen av K1, men varierer noko i storleik.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
1 enkeltminne
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.