Storie
Gravfelt

Halsnøy kloster - Fetts fk. 2, Skarvasteinen

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Frå Per Fett: Gravflokk. Det er vel knapt grunn til med Bendixen å gå ut frå at Neumann ikkje har sett gravene "i hvor fælt Vejret var", men sin oversiktsplan (Neumann 1846 fig. s. 48) har han etter Juel 1838. Nummereringa der er Neumanns og er nedanfor merkt med N. Kroki i arkivet. 1. Røys ligg 30 m VSV for nedre ende på nausttufta fk. 3, på ein bergskalk som kjem fram i O. 8 m i tvm., 1 m høg, bygd av småfallen stein. N 12. - Det ser ut som det er bygt ei hylle nedanfor røysa på nord- og vestsida, ein skimtar ein steinrad i boge 2 m frå nordkanten og 5 m frå vestkanten. 2. Haug ligg 4 m VSV for 1, 13 m i tvm., 1 m høg, torvdekt. N 11. 3. Haug ligg 5 m SSO for 2, 12 m i tvm., låg og flat med ein stor stein i midten. Nedre kant er ein 6 m lang, rett steinrad som ein "vegg" av 8-9 steinar. N 7. 4. Haug ligg 1 m V for 3, heilt lik 3, men steinen i midten er velta til side mot V så gropa ligg open om enn grasgrodd. N 6. 5. Haugrest? ligg 6 m VNV for 4. Mot S ligg ein boge av kanststeinar som ein halvsirkel med 7 m tvm. Inni er overflata lågare enn steinane og "golvet" går i slak skråning mot N og inn i bakken og endar i ein bogen skrå vegg på 1 1/2 m høgd. Ein kunde tenkje på den andre nausttufta som Schreuder nemner, men den ytre steinbogen synest motseie det. Juel har ikkje reagert på forma - her var kan hende ikkje slik den gong. Det er gjerne frå denne haugen ho er kome den leirkrukka som Bendixen nemner. N 8. 6. Røys ligg på ein knaus 5 m NV for "nordveggen" på 5. 20 m i tvm., 1,5 m høg, bygd av rund løftestein. Noko utkasta i midten. N 9. Når Neumann seier ho ligg 58 skritt frå hans nr. 6 er det feil for nr. 7 -talet har vore retta på Juels førelag. 7. Røys ligg på ein knaus 20 m VNV for 6, uregelrett 6 m i tvm., låg. 8. Røys ligg 5 m NV for 6 på ein knaus, bygd av jord og småfallen stein i 9 m tvm., 0,5 m høgd. N 10. 9. Røys ligg 6 m VNV for 8 på ein knaus. Ein ser stein berre i S, det tyder på eit tvm. på 9 m, men haugen forsvinn i gras mot N. Frå Aksdal 2004: Det er i alt ni røyser eller rester av slike på gravfeltet ved Skarvasteinen. Gravflokken ligg oppå eit sørvestvendt nes vel 8 - 10 meter over havet. Området er kledd med lauvskog og arealet er delvis nytta som friareal/badeplass om sommaren. Seks av røysene/haugane er godt synlege, medan ein er svakt markert i terrenget og framstår som ein røysrest. To røyser er igjen vanskeleg å få auga på utan kart eller referanser. Området er målt opp av Juel 1838, Neumann 1846, Bendixen 1894 og Fett 1942. Det er laga to kroki over feltet (Niels Juel 1838, Per Fett 1942). I samband med ØK-registreringa vart feltet ikkje synfart.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
9 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.