Storie
Gravfelt

Grjotland - Fetts fk. 1/1-6, Harkamoen

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Haugen fk. 1/1 ligg ca. 75 m ONO for huset til Knut Grjotland, ca. 70 m NV for eit uthus og 12-13 m N for den gamle gardsvegen. Haugen er 12-15 m i tverrmål og ca. 1,5 m høg. Han er bygd av stein. I midten er eit søkk, ca. 1 m djupt. Mykje stein ligg framme i dagen. Elles er haugen dekt med grastorv og mose, men spreidde steinar stikk fram. Haugen fk. 1/2 ligg 35-37 m N for fk. 1/1 og ca. 80 m SO for elva. Han er ca. 8-9 m i tverrmål og ca. 0,75 m høg. Haugen er dekt med mose og tildels grastorv, men mykje stein stikk fram i dagen. Haugen er skadd i vestlege del, og ein kan sjå inn i kista frå V, der kanten av dekkhella er synleg. Opninga er ca. 0,7 m brei. I vestleg kant ligg ei helle, 1,40 x 0,75 x 0,65 m. Denne skriv seg mogelegvis frå kista. I nordlege del av haugen er eit hol, ca. 0,45 m vidt og ca. 0,5 m djupt. Eit par bjørker gror på haugen og strekkjer røtene utover han. Haugen fk. 1/3 låg 100 m NO for fk. 1/2, ca. 10 m frå bakken i O, no borte. 4-5 m tvm., bygd som dei andre. Opna før. Haugen fk. 1/4 ligg 100 m S for fk. 1/3, botnlaget ligg att under åker, elles borte. 10 m N-S, 5-6 m brei, bygd som dei andre. Haugen fk. 1/5 ligg ca. 20 m O for fk. 1/1 og 17-18 m N for gardsvegen. Han er 6-7 m i tverrmål og ca. 0,75 m høg. Avgrensinga av haugen er ikkje tydeleg markert. Haugen er bygd av stein og er dekt med grastorv og mose. Ein del stein stikk fram i dagen langs kanten. Kring toppen ligg mykje innpåkasta stein. Haugen fk. 1/6 ligg ca. 65 m S for fk. 1/1, ca. 85 m SV for eit uthus, ca. 50 m SO for huset til Knut Grjotland. Sørlege kant ligg på bnr. 3. Haugen er 16 m i tverrmål og ca. 2 m høg. Han er dekt med grastorv og mose. I toppen er eit lite søkk og ein del stein stikk fram i dagen. Ytste kantane er låge og avgrensinga på haugen er ikkje klårt markert.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
6 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.