Gravfelt
Fra Riksantikvarens beskrivelse
LØN, gnr. 322. Funnkartet nr. 1. bnr. 1. Lars L. Løen, bnr. 6. Gravflokk i bakke mellom tuna og vegen. No er berre att kista i røys 1 . 1. Røys låg like N for riksvegen 100 m SSO for løa på bnr. 1, på ei lita hylle i bakken. Røysa var lita. Dei kom ned på ei helle og såg oske og kol innunder, men la ho ned att og hadde jord over. 2. Røys låg 10-20 m NV for 1. Ho var lita. Herfrå er B 9696. 3. Røys 5 m V for 2, der ein framleis ser ein låg kul i lendet. Røysa var lita. Der var ingen funn. 4. Grav 50 m SO for løa, V for bekken. Der er no overpløydd. Her låg B 5063 og tre glassperler. I stroket kring 1/4 er og B 5064 funne. 5. Haug låg på bnr. 6, 5-10 m NO for 2, 10 m frå Oppheimsvatnet. Utgraven 1913 (Einar Lexow). Haugen var ophavleg 10-12 m i tvm. Kiste nær nordre kant 3,30 X 0,80 a 0,90 m ONO - VSV, 0,85 m djup, var for det meste nedskoren i auren, bygd av dårlege heller i sider og tak, medan botnen var aur. Serleg i vestre ende låg eit organisk lag med oldsaker, spjut langs søre langvegg 80 cm frå austre gavl, ein bundel piler ved midten. Kolbitar spreidde over det heile. Truleg plyndra før. Eit snellehjul tyder vel på at her også var kvinnegrav. B 6727, B 6750. Mogleg kjem og B 4275 og ei bortkomen øks fra denne haugen. 6. Røys øydelagt ved ras, låg i bakken 30 m N for stova. Her låg B 8926, men der var inga kiste. 7. Haug der no løa står. Herfrå B 6728. NB. Då dei grov tuft til eit hus på bnr. 6 fann dei sølvring o. a. saker bland jord og stein. Dei kan ha høyrt til B 8926, men dette er heilt uvisst. Dei er no bortkomne. B 4275 - Yja. spjut etter tilv. f. i ei myr, men er visstnok frå fk. nr. 1/5. 2020 Haugen der gravkista fk 1/5 vart funnen ligg framleis som naturleg kolle og er brukt til beiemark. Arealet vest for haugen vart synfare hausten 2020 og med kraftig nedbeita grasmark vart det observert 2 låge strukturar i overflata. Dei låge forhøgningane i området ligg i bakken vest for FK 1/5. Form og plassering i tillegg til andre kulturminne her gjer det naturleg å sjå desse som del av eit større gravfelt i frå jernalder
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 7 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Voss
Oppheim kyrkjestad / Oppheim kyrkje 3
Gravfelt· Voss
Oppheim - Fetts fk. 2/1-2, Tingvollen
Kirkested· Voss
Vinje gamle kyrkjestad
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.