Gaustad kapell
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Gaustad kapell vart vigsla av biskop Odd Bondevik 17. juni 2001. Bak bygginga stod ei stifting som vart etablert tre år tidlegare. Kapellet er forma som ei langkyrkje med takryttar på mønet, og har plass til 150 personar. Med altartavle, døypefont og preikestol i stein, gir interiøret ei tydeleg påminning om kor viktig steinindustrien har vore for Eide kommune. Gravplassen ved kapellet understrekar dette ytterlegare. Plassen vart oppretta som hjelpekyrkjegard i 1906. Den lokale steinen som er nytta på staden, syner meir enn hundre år med produksjon av gravminne i Eide kommune. Steinbedrifter frå Eide har truleg produsert mellom 60 og 70 prosent av alle gravminne som i dag finst på norske kyrkjegardar.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Regulert
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.