Fetts fk.nr. Sæbø 1/1-2, nyreg.
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Samlinga måler 75 x 25 m, orientert NNV-SSO.Dei to gravhaugane i samlinga vert kalla Brødrehaugane.Den sørlegaste av haugane, Fetts fk.nr. 1/1, ligg tett sør for vegen inn mot idrettsplassen. Vegen er nærast skoren inn i haugkanten, og her er bygd ein mur i skjeringa. Haugen måler omlag 22-25 m i tvm., høgda er i N 3-4 m, men i SO og V er høgda1-2 m. Haugen er delvis dekt med torv og her veks tett med furer.NNV for, og like kant i kant med denne haugen, berre med den 2 m breie vegen imellom, ligg den andre av Brødrehaugane, Fetts fk.nr. 1/2. Denne haugen måler omlag 25 m i tverrmål og er omlag 4 m høg. Han har eit tjukt gras-og torvdekke. Haugen er sterkt skadd i toppen.Ved ØK-registreringa i 1976 opplyste Olav Vikøren at det hadde vorte funne ei hellekiste omlag 6-10 m sør for det sørvestre hjørnet av det gamle kommunehuset, like SO for gravhaugen fk.nr. 1/1, nord på Erling Fjærestad sin eigedom, der det i dag er grasplen. Hellekista vart oppdaga då dei i 1950 grov ei kloakkgrøft frå lærarbustaden. Ein såg kantsette heller og dekkheller oppå. Grøfta vart svinga utanom og kista vart ikkje rørd, så ho skal framleis liggja der.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.