Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr. Nyreg.

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Feltet ligg innan eit område som er om lag 130 x 50 m vidt, orientert nærpå O - V. Feltet inneheld 10 - 15 gravrøyser. Dei er alle sterkt tilgrodde med lyngtorv og delvis med eine og buskfurer. Nokre av røysene er svært truleg gravrøyser, medan andre er meir usikre. Nedanfor tek ein med tre røyser som ligg heilt i vestre del av feltet, og to som ligg heilt i austre del. Desse vert nummererte fortløpande. Røys 1 - 5. Dei andre røysene ligg mellom desse. Røys 1 ligg lengst mot SV i feltet. Ho ligg 30 m NO for merkesteinen mellom bnr. 6 og 8. Røysa er 6 m i tverrmål og godt 1 m høg sett frå nedsida (frå S). Røysa er heilt tilvaksen med lyngtorv og mose. Eit prøvestikk innan midten av røysa synte om lag 40 cm lyngtorv over steinane/blokkene. Trass i at næraste omgjevnaden er tilvaksen med lyng og gras, er røysa klårt avgrensa. Den er avflata på toppen. Røysa ligg i ei glenne i plantefeltet omgjeven av spreidde buskfurer.Røys 2 ligg 16 m N for røys 1. Ho er 4,5 x 2 m vid, orientert O-V, og knapt 1 m høg. Kantane mot N, S og O går heller bratt ned medan den skrår meir jamt ned i vestre kant. Røysa er heilt tilgrodd med lyng, torv og gras. I austre kant veks ei einebuske og to små granplantningar.Røys 3 ligg 3 m VNV for røys 2. Ho er 5 m i tverrmål og godt 1 m høg rett nedanfor (frå S). Ytterkanten i søre halvdel av røysa, fell heller bratt ned. Ho er avflata i toppen, og i nordaustre kant er eit innbrot. Røysa er heilt tilvaksen med lyngtorv. Prøvestikk innan midten av røysa synte tørr røys under torva. Røysa er mykje tilvaksen med buskfurer og ei gran.Røysene 4 og 5 ligg i austre del av feltet. Røys 4 ligg 24 m NNO for merkesteinen mellom bnr. 8. Ho er 3 m i tverrmål og om lag 0,5 m høg. Røysa er heilt tilvaksen med lyngtorv og låge einebusker. Då røysa er omgjeven av lyng og gras, går den noko i eitt med omgjevnaden og er såleis ikkje heilt godt avgrensa. Røysa ligg i ei glenne i plantefeltet omgjeven av spreidde buskfurer.Røys 5 ligg 40 m N for merkesteinen og 25 m NV for røys 4. Røysa er 4 - 6 m i tverrmål, orientert O - V, og om lag 12 m høg. Ho er heilt tilvaksen med lyngtorv. I toppen veks ei buskfure. Røysa er omgjeven av lyng og einebusker, men er heller klårt avgrensa. Nedanfor dette feltet og vidare i denne høgda både mot V og O er det lagt merke til lag med kolbitar under sjølve torvlaget.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
15 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.