Storie
Bergkunst

Fetts fk.nr. Fjellet G 1-2 Kvilebakken

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Samlinga inneheld to gropesteinar og måler kring 25 x 5 m, orientert NNO-SSV.Gropesteinen G 1, som vert kalla Kvilesteinen (Holesteinen), ligg lengst S. Han er kring 2,6 x 1 m orientert NO-SV. Søre langside av steinen fell loddrett ned. Her er steinen 0,25 m høg, medan steinen i N går litt innunder bakken. På flata i nordaustlege delen av steinen ligg det innan eit 1,05 x 0,35 m stort område, 25 groper. Gropene er 2-6 cm i tverrmål og varierer i djupn frå 2,5 cm til nokre millimeter.Gropesteinen G 2 ligg 18 m NNO for gropesteinen G 1. Han måler kring 8 x 5 m orientert NO-SV og er opptil 3 m høg i S. Nordre kant av steinen går i eitt med bakken ovanfor. Overflata på steinen er heller flat og hallar mot SV. Steinen er noko tilgrodd med mose, særleg langs kantane. I nordaustre del av steinen ligg det 3 groper på rekkje innan eit 40 x 5 cm stort område, orientert VNV-OSO. Gropa som ligg lengst mot OSO ligg 50 cm frå nordaustre kant av steinen. Gropene er kring 2 cm i tverrmål og 0,5 cm djupe.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
1 enkeltminne
Stedfesting
± 0 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.