Storie
Bergkunst

Fetts fk.nr.Fjellet D1 Åsen vårstøl

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Bergflata som er noko ujamn, hallar mot SO og er delvis tilvaksen med gras og mose. I sørvestre del av bergflata ligg ein del store blokker tett saman. 5 m N for den største blokka er ein knaus på berget. Knausen er 0,5-1 m høg i V, S og O, medan han i N går i eitt med bergflata elles. Breidda O-V er 4,5 m. Kring 5 m NNV for sørlege ende av knausen ligg det ein konsentrasjon med 11 skålgroper innanfor 80 cm. 70 cm mot S ligg det ei grop aleine. 1,6 m SO for denne er det to groper ved sida av kvarandre.2 m mot SSO og 50 cm innanfor (N for) eit markert brot i knausen ligg to andre groper. Skålgropene på knausen varierer i tverrmål frå 3 til 8 cm. Djupna på den største gropa er 3 cm, medan dei grunnaste gropene berre er nokre mm djupe.17 m SO for knausen og 6 m innanfor kanten av bergflata er det tre groper på eit område som måler 40 x 50 cm. Gropene dannar ein trekant og er ca. 5 cm i tverrmål og 1-2 cm djupe.7 m ONO for desse gropene og heilt framme på kanten av berget, ligg tre groper. To av desse ligg 1 m frå kanten med 20 cm mellomrom. Dei er 4 og 6 cm i tverrmål og opptil 2 cm djupe. Den tredje gropa ligg aleine heilt framme på kanten av berget og 80 cm frå den største av dei to andre gropene. Ho er 5 cm i tverrmål og 1 cm djup.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
1 enkeltminne
Stedfesting
± 0 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.