Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr.7/(7), 7/7 og to nyreg. Støbakkvik

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Den trekanta haugen fk.nr. 7/(7) har kring 11 m lange sider. Han er låg og noko uklår i avgrensinga. Oddane ligg i NV, SSV og O. Haugen er dekt av tjukk grastorv, og det veks ein del einer og rognebusker på han.Nyregistrert røys ligg 1 m O for austre hjørnet av trekanten. Ho er kring 6 m i tverrmål og 0,75 m høg. Gjerdet som går over mellom bnr. 120 og bnr. 19, går tvers over røysa. Den delen av røysa som ligg på bnr. 120 er avskaven i kanten og her stikk opp til 1 m store blokker i dagen. Røysa er elles dekt av tjukk grastorv og det veks ein del einer og rognebusker på ho.Røysa fk.nr. 7/7 ligg 10 m S for den nyregistrerte røysa. Ho er 13 m i tverrmål, 1,5 m høg og flat på toppen. Røysa er bygd på den gamle matjorda av grov, tørr røys som er jordblanda øvst under den tjukke grastorva. I nordre del av røysa står ei kring 1 m høg og 30 cm brei steinhelle.Steinalderlokaliteten som ligg under fk.nr. 7, har ei ukjend utstrekning, men kulturlaget viser i øvste del av grustaket, som går inn i ein boge om lag 15 m S for fk.nr. 7/7. Kulturlaget kjem klårt fram som ei kring 10 cm brei stripe i veggen på grustaket. Det ligg heile tida på om lag same nivå, men alt etter som terrenget varierer, ligg det frå ca. 1,5 m under torva til like under ho. I kulturlaget og i lausmassane nedanfor ligg det avslag i dagen. Kulturlaget held truleg fram innover flaka mot husa i V.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
4 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.