Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr. 6/2-3

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Samlinga som inneheld to røyser, måler kring 55 x 7-14 m orientert NNV-SSO. Røysa fk.nr. 6/2 er 12-14 m i tverrmål, 1 m høg og bygd av 0,2-0,6 m store steinar/blokker. I midten der røysa er avskava, ligg det fleire større blokker; minst to av desse ser ut til å vera jordfaste. I sentrum av røysa er det eit holrom der det har vore ein del omroting i nyare tid. Dette ser ut til å vera restane av eit kammer som no er kring 1,2 x 0,6 m stort, orientert N-S, og 0,9 m djupt. To store blokker utgjer vestre og austre vegg av kammeret. Nordlege del av holrommet vert dekt av 3 heller som ser ut til å liggja på sin opphavlege plass. Nede i kammeret ligg ein del nedrasa steinar/blokker. Ved sørlege kant av røysa ligg 8-9 store blokker.Røysa fk.nr. 6/3 ligg 15 m SO for fk.nr. 6/2. Ho er kring 24 x 8 m, orientert NNV-SSO, 0,75 m høg, og bygd av 0,2-0,6 m store steinar/blokker. Røysa er noko omrota. I vestre kant ligg eit par 1,5-2 m lange, smale blokker. Det veks litt mose, lyng og einer langs kantane av røysa. Røysa er klårt markert og godt synleg i lendet.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
2 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.