Fetts fk.nr.5/1-3
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Samlinga som inneheld 3 røyser, er orientert N-S og har ei største utstrekning på 75 x 60 m.Røysa fk.nr. 5/1 ligg framme på ein liten terrasse med ei myret flate attanfor. Ho er 8 m i tverrmål og 1,25 m høg med eit søkk i midten og er noko utkasta i NNO. Ho er bygd av 10-50 cm store steinar/blokker som ligg tørre og nakne i røysa.Røysa fk.nr. 5/2 ligg på søraustre delen av ein lyngkledd N/S-gåande 20 x 15 m vid, oval knaus, 50 m N for fk.nr. 5/1. Røysa er 10 m i tverrmål og godt 1 m høg. I midten er eit langstrekt N/S-gåande 1 m djupt søkk. Røysa som er utkasta mot N, er bygd av 20-50 cm store, tørre steinar/blokker.Røysa fk.nr. 5/3 ligg 40 m NNO for fk.nr. 5/1, framme på ein terrasse der det ligg ei godt 20 m lang rand med steinar/blokker. Røysa er bygd av 10-100 cm store, tørre steinar/blokker og er 6,5 m i tverrmål og 1 m høg. I toppen er eit 1,5 m vidt og 0,5 m djupt søkk, der det veks mose og brake. Ein del av dei øvste steinane i røysa er mosegrodde.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Giske
Fetts fk.nr. 3 Hellerflata
Gravfelt· Giske
Fetts fk. nr. 1/1-7
Gravfelt· Giske
Per Fett fk.1/ 4-7
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.