Fetts fk.nr. 3/4-7
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Fk.nr. 3/4: Røysa er 7 m i tverrmål, høgda er ca. 0,7 m. Ho er dekka av tynn grastorv og stein stikk i dagen fleire stader. Det står ein hegg og noko tornekratt på henne. På toppen ligg det to store heller. Røysa ligg lengst V på ein O/V-gåande fjellrygg. Toppen av røysa er i høgd med toppen av fjellryggen. Det er eit vidt, men grunt søkk i midten.Fk.nr. 3/5: Røysa ligg 16 m O for fk.nr. 3/4 på ein bergknaus. Ho er 10 m i tverrmål, høgda er 1,5 m. Ho er dekka av grastorv, men fast fjell og steinar/blokker stikk fleire stader i dagen. Det veks nokre store einebusker på henne. Fjellknausen røysa ligg på, utgjer truleg det meste av røysa. Det er lagt stein på toppen, i sidene og langs foten av knausen. I toppen ligg ei brei helle og ein smal stein som er 2 m lang.Fk.nr. 3/6: Røysa ligg på ei hylle nedanfor, 5 m SO for fk.nr. 3/5. Røysa er 10 m i tverrmål, høgda er ca. 1 m. Det er berre ein rest av røysa som ligg att, midten er fjerna heilt ned på berget og nordvestlegaste delen av røysa er heilt vekke. Steinknausen er heilt dekka av grastorv, ei einebusk veks i SV-kanten. Det er mogeleg at knausen er ei hustuft.Fk.nr. 3/7 ligg tett ONO for fk.nr. 3/6. Røysa er 10 m i tverrmål, høgda er 1 m. Ho er delvis dekka av mose og grastorv, det veks ei stor einebusk og ei bjørk på henne. Røysa er kasta opp kring to store steinblokker som stikk opp i sørlegaste delen av røysa. Her er det eit djupt søkk i henne. N- og O-sida synest uskadd, her kan ein sjå at røysa har hatt fotkjede.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 4 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.