Fetts fk.nr.3/1-4 Bekkjehaugen
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Samlinga måler om lag 35 x 25 m, orientert N-S. Gravhaugen fk.nr. 3/2 er 7-8 m i tverrmål og om lag 0,5 m høg. I sentrum av haugen er eit om lag 2 m langt og 1 m breitt søkk, orientert N-S. Søkket er om lag 0,2 m djupt. I søkket kan ein kjenne einskilde steinar/blokker, nokre av desse er truleg heller, trass i at dei er mykje tilgrodde. I nordaustre kant av haugen stikk berget i dagen. Haugen er tilvaksen med grastorv, mose og lauvtre. Haugen er heller uklårt markert, men syner heller godt i lendet. Gravhaugen fk.nr. 3/1 ligg om lag 7 m NNO for fk.nr. 3/2. Haugen er om lag 9 m i tverrmål og godt 0,5 m høg. I sentrum av haugen ligg ei open hellekiste, kring 2 x 1 m vid, orientert NNV-SSO. Djupna er kring 0,5 m. Ei kring 1,5 x 0,7 m stor helle ligg no på tvers av lengderetninga på kista. Både VNV og NNO for sjølve kista ligg det heller i dagen, begge godt meteren lange. Haugen er tilvaksen med grastorv, mose og lauvtre. Han er klårt markert og syner godt i lendet. Gravhaugen fk.nr. 3/3 ligg tett NV for fk.nr. 3/1. Haugen er kring 7 m i tverrmål og 0,5 m høg. I NV er eit heller grunt søkk, om lag 2,5 x 1 m vidt, orientert NV-SO. Haugen er tilvaksen med grastorv, mose og nokre lauvtre. Haugen er uklårt markert, men syner heller godt i lendet. Gravhaugen fk.nr. 3/4 ligg godt 1 m NO for fk.nr. 3/1. Haugen er 7 m i tverrmål og 0,5 m høg. I sentrum ligg to steinblokker, tilvaksne med mose. Haugen er tilgrodd med grastorv og mose og nokre lauvtre. Tett ved austre kant står ei stor furu.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 4 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.