Fetts fk.nr.2 + nyreg. Børholmen
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Samlinga måler kring 15 x 35 m, orientert O-V.Dei to røysene, Fetts fk.nr. 2, ligg orientert N-S med 1 m mellomrom. Røysene er bygde av steinar/blokker, 0,15-1,20 m store. Det meste av røyssteinen ligg i dagen, berre dekt av noko mose. Kantane er meir tilvaksne med tjukkare lyngtorv. Røysene er kring 7 m i tverrmål og 0,5 m høge. Røysa lengst i nord er mykje utkasta, i sentrum ligg to store steinblokker, den eine godt 1 m i tverrmål. Båe røysene er godt synlege i lendet, men dei er uklårt markerte.Om lag 4 m O for Fetts fk.nr. 2, ligg ei tredje røys. Det er uråd å avgjere om dette er ei langrøys orientert O-V, eller om ein har å gjere med fleire mindre røyser som ligg etter kvarandre i ei rekkje. Avgrensinga er vanskeleg å avgjere, men røysa (samlinga med røyser) måler knapt 25 m O-V og om lag 15 m N-S. Det kan synast som om røysa (røysene) er lagt fram på kanten av eit lågt platå og at røyssteinen er sklidd eller kasta utfor i seinare tid. Røysa (røysene) er mykje dekt(e) av tjukk lyngtorv, men nokre steinar ligg nakne i dagen, særleg i S. Like N for dette området ligg ei stor steinblokk, kring 2 x 1,5 m vid. SO for denne blokka er det i nyare tid mura opp ei lita "tuft". I søre og vestre kant av samlinga står nokre lauvtre.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Vanylven
Fetts fk.nr. 1/1-2
Kirkested· Vanylven
St. Jetmund kyrkjestad - St. Edmund - Åheim
Gravfelt· Stad
Fetts fk. nr. 2/1-2 Langenest
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.