Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr. 2/2-5

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Samlinga er orientert NV-SO, og er om lag 45 m lang. Tre av røysene, Fetts fk.nr. 2/2, 2/3 og 2/5, ligg på line medan røysa Fetts fk.nr. 2/4, ligg om lag 15 m V for røysa Fetts fk.nr. 2/5. Breidda på samlinga varierer såleis frå 8 m til om lag 27 m.Røysa Fetts fk.nr. 2/5 ligg om lag 20 m SSV for løa på bruket og om lag 25 m N for vegdelet der gardsvegen ned til bruket tek av frå bygdevegen. Røysa er om lag 14 m i tverrmål og 1,5 m høg. Røysa er bygd av steinar/blokker, 0,15-0,60 m store. Røysa er dekt med lyng og gras, berre nokre få steinar stikk i dagen. I søre del av røysa ligg mange mosegrodde steinar i dagen, men desse er truleg innpåkasta i nyare tid. Røysa er noko tilvaksen med lauvkratt og bregne, men er heller klårt markert og bra synleg i lendet.Røysa Fetts fk.nr. 2/4 ligg kring 15 m V for røysa Fetts fk.nr. 2/5. Røysa er om lag 10 m i tverrmål og 2,25 m høg. Røysa er bygd av steinar/blokker, 0,15-0,70 m store. I midten av røysa ligg mykje stein i dagen. Elles er røysa særs tilvaksen med lauvkratt og bregne. Berre vestre halvdel av røysa ligg urøyvd. I austre del er mykje stein teken til å lage ein steingard som går NO-SV gjennom denne delen av røysa. Røysa er uklårt markert, særleg i O, og ho er ikkje godt synleg i lendet.Røysa Fetts fk.nr. 2/3 ligg om lag 7 m NNO for røysa Fetts fk.nr. 2/4. Røysa er om lag 8 m i tverrmål og 1 m høg. Røysa er bygd av steinar/blokker, 0,1-0,5 m store. Røysa er mykje tilvaksen med lauvkratt, bregne, blomar og grastorv. Berre nokre få steinar stikk i dagen. Røysa er særs uklårt markert og ikkje godt synleg i lendet.Røysa Fetts fk.nr. 2/2 ligg om lag 3 m NV for røysa Fetts fk.nr. 2/3. Røysa er om lag 8 m i tverrmål og kring 1,25 m høg. Røysa er bygd av steinar/blokker, 0,1-0,5 m store. Røysa er særs tilvaksen med lauvkratt, bregne og grastorv, berre nokre få mosegrodde steinar stikk i dagen. I toppen er eit lite grunt søkk. Røysa er uklårt markert og ikkje godt synleg i lendet.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
4 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.