Fetts fk.nr. 2/2-5 Langeteigen
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Samlinga er om lag 40 m SSO-NNV og om lag 8-30 m O-V. Røysa fk.nr. 2/2, er om lag 8 m i tverrmål og 0,75 m høg. Ho er bygd av steinar/blokker, 0,15 - 0,60 m store. Røysa er dekt av grastorv og mose og berre einskilde steinar/blokker ligg synlege. I sentrum av røysa er eit om lag 2 x 2 m vidt og 0,3 m djupt søkk. Nokre steinar/blokker ligg utkasta i SV og NV. Røysa er tilvaksen med nokre bjørketre og brakebusker. Ho er klårt markert og syner godt i lendet. Røysa fk.nr. 2/3, ligg kant i kant med (S for) røysa fk.nr. 2/2. Røysa er om lag 14 x 6 m, orientert N-S. Høgda er om lag 0,5 m. Røysa er bygd av steinar/blokker, 0,2-0,7 m store, dei fleste overgrodde med tjukk mose. I sentrum er eit om lag 1,5 m vidt og heller grunt søkk. Røysa er tilvaksen med nokre brakebusker og to bjørketre i kvar ende. Røysa er klårt markert og syner godt i lendet. Røysa fk.nr. 2/4, ligg om lag 2 m SSO for røysa fk.nr. 2/3. Røysa, som vert kalla Kjemperøysi, er om lag 16 m i tverrmål og kring 2 m høg målt i S. Røysa er bygd av steinar/blokker, 0,2-0,9 m store. Steinane/blokkene er noko tilgrodde med mose og grastorv, særleg i vestre delen av røysa. Sentralt i røysa er eit søkk, om lag 2,5 m vidt og kring 0,8 m djupt. I søkket står ei helle på kant. Ho måler 1,0 x 0,8 m og er om lag 7 cm tjukk. I SO ligg ei helle orientert SSO-NNV, ho måler 1,3 x 0,8 m og er om lag 10 cm tjukk. I nordvestre kant av røysa står eit stort grantre og ho er elles tilvaksen med bjørketre i kantane. Røysa er relativt klårt markert og syner særs godt i lendet. Røysa fk.nr. 2/5, ligg om lag 4 m V for røysa fk.nr. 2/4. Røysa er om lag 10 m i tverrmål og heilt låg. Ho er mest heilt tilgrodd med mose og grastorv, men ein kan kjenne steinar/blokker under vegetasjonsdekket. Ei kantkjede viser tydeleg i S med blokker opptil 1 m store. I NNO står eit stort grantre.Om lag 12 m NNV for nordvestre hjørnet av markaløa på Langeteigen, om lag 2 m V for den N-S gåande steingarden, ligg ei mogeleg gravrøys. Ho er om lag 6 m i tverrmål og kring 0,5 m høg. Røysa er heilt dekt med mose og grastorv. Røysa er uklårt markert, men syner heller godt i lendet.Om lag 10 m O for røysa fk.nr. 2/4 ligg det ein rest etter ei mogeleg gravrøys. Røysa ligg på kanten av ei lita flate og syner no berre i SO. Røysa har truleg vore om lag 10 m.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 4 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Bergkunst· Luster
Fetts fk.nr. 4 Bjørkeflaten
Kirkested· Luster
Saue kyrkjestad - Saude - Smiehaugen (Kyrkjehaugen)
Bergkunst· Luster
Fetts fk.nr. 5/1 Flekkaliflaten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.