Fetts fk.nr. 2/1-3
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Røysa fk.nr. 2/1 ligg 80 m NO for den ovannemnde vika, heilt framme på kanten av svaberget lengst i N. Røysa er kring 5 m i tverrmål og 0,5 m høg. I toppen er eit 3 m vidt, ovalt og 0,5 m djupt søkk. Røysa er bygd av 5-60 cm store steinar/blokker. Blokkene er kantete. Det ikringliggjande svaberget er mosegrodd, og kring røysa veks eit par mindre sprakebusker og i nordre kant står ei lita fure.Røysa fk.nr. 2/2 ligg 15 m SSV for 1, heilt framme på kanten av svaberget lengst i S. Røysa er oval på fasong, orientert NO-SV, 6 m vid og 0,5 m høg. I toppen av røysa er eit 3x1 m vidt og 0,5 m djupt søkk. Røysa er bygd av 10-60 cm store, kantete steinar/blokker. I austre kant av røys veks ei lita rognebuske.Like V for svaberget, der røysene fk.nr. 2/1-2 ligg, går det eit markert lite dalsøkk opp frå sjøen i nordleg lei. På vestsida av dette dalføret ligg det eit nytt svaberg som har 2 toppar.Røysa fk.nr. 2/3 ligg på den vestlegaste av desse toppane, 20 m N for den vesle vika. 45 m VSV for nr. 2. Røysa er oval på fasong, orientert NO-SV, 5 m vid, nærare 1 m høg. I toppen er eit 1 m langt og 0,5 m djupt søkk. Røysa er bygd av 10-60 cm store steinar/blokker. Kring foten av røysa veks det lyng, små furer og sprakebusker. På den andre toppen på same svaberget, 15 m NO for nr. 3, ligg ei 4. røys, 2 m i tverrmål og knapt 0,5 m høg.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Årdal
Årdal kyrkjestad
Gravfelt· Årdal
Fetts fk.nr. 5/ 11,12 og to uvisse
Gravfelt· Årdal
Fetts fk.nr.3/1-4 og nyreg.
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.