Fetts fk.nr. 12 Reset
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Feltet er orientert NV-SO, 80 m langt og 50 m breitt i den sørlege delen, 30 m breitt i den nordlege. Feltet er i dag berre ein del av det opphavelege då det mot NO har vore øydelagt av grustak. Fett gjev opp at her skal ha vore 22 røyser, dei fleste 3-5 m i tverrmål og opp til snaut 0,5 m høge. Av røysene Fett tek med er det berre to som kan sikkert påvisast.Røysa fk.nr. 12/11 ligg 40 m VNV frå det NV-lege hjørnet på kyrkja. Røysa er 11 m i tverrmål og kring 1 m høg. I toppen er eit 4 m vidt og 0,5 m djupt søkk. Røysa er heilt tilvaksen av tjukk grastorv.Røysa fk.nr. 12/21 ligg 30 m NNV for fk.nr. 12/11 oppe på den nordvestlege enden av ein NV/SO-gåande rygg. Røysa er 10 m i tverrmål og 1/4 m høg. Ho har eit grunt søkk i toppen som held fram som eit sår vidare mot S. Røysa er tilvaksen med mose og lyng. 30 m SSV for fk.nr. 12/11 heilt bort mot gjerdet til nabobruket, ligg ei 4 m vid og knapt 0,5 m høg røys med eit lite søkk i toppen. Ho er heilt tilvaksen med grastorv. Innan den nordlege delen av feltet som er lyngvakse, ligg det fleire lyngvaksne og låge røyser og også ute på den sørlege grasvaksne delen av feltet kan ein merke forhøgingar som truleg er røyser. P.g.a. den sterke tilgroinga er det ikkje mogeleg å avgjere eksakt kor mange det kan vere. Røys 12/13, 12/14 og 12/11 utgreve 1978/1980. Ved sistnemnde graving var det sett kokegrop. Røys 12/10 og 12/9 attfunne 2015 ark.reg. fylkeskommunen, saman med stolephol, fossile lag mm og mogleg ei lita røys til (Heidi Haugene). Dei andre små røysene i vest ikkje leitt etter enno. Utgraving 2023: Deler av lokaliteten ble gravd ut i 2023 i forbindelse med reguleringsplan for Reset gang- og sykkelveg på Blindheim (55557-5). Det ble påvist to hus med bevart gulv, 14 stolpehull, syv kokegroper, en nedgraving med steinlag og treplanker, en nedgraving med bevart treverk, fire øvrige groper, dyrkningslag, ardspor og kulllag. Avventer dateringsanalyser.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 5 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Giske
Vigra kyrkjestad / Vigra kyrkje 3
Gravfelt· Giske
Fetts fk.nr. 10/1-3 Blimshaugen
Gravfelt· Giske
Fetts fk.nr. 9/1-3 Sjøskardet
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.