Fetts fk.nr. 11
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Feltet har ei utstrekning på ca 220 m A-V, ca 60 m N-S.1. Røys på naturleg kolle, 40-50 m ASA for våningshuset på bnr. 11. Røysa viser seg nå berre som ein krans av overgrodd stein i N og A-kant. Det indre er nytta som åker. Diameter ca. 6 m.2. Røys, ca 120 m ASA for våningshuset på bnr. 11, 15-20 m NV for Slippen, 20-25 m VSV for grensegjerdet til bnr. 3. Uklårt markert, lite synleg. Ligg berre som ein krans av overgrodde steinar. I det indre er steinen fjerna. Segna seier her er ei grav. Vert kalla Sekhaugen. Diameter 6 m, høgde 0,2 m.3. Røys, ca 80 m SA for våningshuset på bnr. 11, ca 10 m NNV for lita bryggje. Ligg på ein liten bergknaus. Uklårt markert, lite synleg. Tilgrodd med mose, einer og klunger. Tykkjest svært omrota. Midt i ein del stein synleg og nokre flate heller, den største av dei er 1,8 m lang og 0,7 m brei. Diameter 5-6 m, høgde ca 1 m medrekna kollen, sjølve røysa er ca 0,5 m høg.4. Røys, ca 60 m S for SV-hjørnet av våningshuset på bnr. 11. Uklårt markert, lite synleg. Heilt overgrodd med lyng, mose, ormegras og einer. Berre få stein synlege. Ei open kiste, orientert A-V og bygd av større stein, ligg midt i. Mål på kista: Indre: 2 m lang, 0,5 m brei. Mål på røysa: diameter: ca 5 m, høgde 0,5 m.5. Røys, 15 m SV for våningshuset. Klårt markert i A og S, delvis i V-kant, godt synleg. Grasdekt, S-del tilvaksen med klunger og rogn, plommetre i V-kant. Der fins stein langs foten i A-kant. I midten eit stort søkk. Diameter: 8-9 m, høgde: 0,8-1 m.6. Røys, 15 m SSV for 5. Uklårt markert, lite synleg. Ligg kloss A for steingard. Stein er teke frå røysa og nytta i steingarden. Tilgrodd med mose, lyng, ormegras og rognetre. Ein god del stein synleg i SV-kant. Stein er innpåkasta. Røysa vert kalla Munkegrava. Diameter: 6-8 m, høgde: ca 1 m.7. Røys, ca 60 m SV for våningshuset. Uklårt markert pga. tett skogkratt og lite synleg unnateke på nært hald. Bygd kring ein stor jordfast stein. Delvis mosegrodd, ein del ormegras, tett einerkratt og furuskog. Diameter: 7-8 m, høgde: ca. 1 m, med jordfast stein ca. 2 m.8-13. Svært overgrodde og omrota røyser ligg 15-20 m frå strandkanten i ei lengd av 60-70 m V-over frå naustet, som ligg V om steingarden (til- høyrer 76/2). Røysene er mykje overgrodde og furuskogen tett så dei er vanskelege å finna. Enkelte av dei har nedmura kiste. Tverrmålet på røysene er om lag 5 m og dei er opp til 0,7 m høg.Ein har fylgt Per Fett sine registreringer ved oppmålingsarbeidet. Området har ikkje vore nytta etter krigen og er no mykje tilgrodd. Det tykkjest som her er fleire røyser enn dei som her er oppteikna, men ein har valgt ikkje å ta dei med etter som heile området er lite oversikteleg. Mellom røys 2 og 3 tykkjest det såleis å liggja minst to røyser, og mellom røys 3 og 4 ei røys, alle mykje overgrodde.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 7 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Stad
Fetts fk.nr. 7/1-3
Gravfelt· Stad
Fetts fk.nr. 5/1-6, 8 og 12
Gravfelt· Stad
Fetts fk.nr. 1/2-3 Årvikneset
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.