Fetts fk.nr. 1 Fjørtoftneset
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Samlinga ligg oppe på ein strandvoll og dekkjer eit område som er 85 x 20 m, orientert VSV - ONO.Røys nr. 1 ligg lengst SV i feltet. Røysa er 9 m i tverrmål og om lag 1 m høg. Ho er bygd av 0,05 - 0,3 m store steinar/blokker. Den vestlege halvdelen av røysa er tilvaksen av mose, gras og lyng. Den austlege halvdelen er berr stein. I toppen av røysa er det eit 4 m vidt, grunt søkk.Røys nr. 2 ligg 2 m NNO for røys nr. 1. Ho er 12 m i tverrmål og om lag 1,5 m høg. Røysa er heilt tilvaksen med grastorv. I toppen er eit knapt 1 m vidt, grunt søkk.Røys nr. 3 ligg 11 m ONO for røys nr. 2. Ho er 13 m i tverrmål og godt 1 m høg. Røysa er heilt tilvaksen med grastorv og mose, men ein del 0,2 - 0,3 m store steinar/blokker stikk i dagen. I toppen er det eit 1,5 m vidt og 0,5 m djupt søkk.Røys nr. 4 ligg 4 m ONO for røys nr. 3. Ho er 13 m i tverrmål og om lag 2 m høg. Røysa er bygd av 0,05 - 0,4 m store steinar/blokker som for det meste ligg nakne i dagen. Berre lengst i O er dei tilvaksne med grastorv og heilt låge einebusker. I toppen av røysa er det 3 mindre søkk. Det største ligg lengst i V og er 3 m vidt og 0,5 m djupt.Røys nr. 5 ligg 5 m ONO for røys nr. 4. Ho er 15 m i tverrmål og knapt 1,5 m høg. Røysa er heilt tilvaksen med grastorv og lyng. Røys nr. 2, 3 og 5 er ikkje heilt utan tvil då her er vanskeleg å avgjera kva som er naturleg strandvoll og kva som er laga av menneske.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 5 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Haram
Fjørtoft kyrkjestad
Gravfelt· Haram
Fetts fk.nr. 5 Vardemyra
Gravfelt· Haram
Fetts fk.nr. 1 Mulesletta
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.