Fetts fk.nr. 1/3-9 Nausthøgodden
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Feltet strekkjer seg i retninga NO-SV i ei lengd av 100 m og med største breidde 45 m. Haugen fk.nr. 1/3 er ein langhaug som vert kalla Festningen. Haugen tek til 5 m SV for hytta, er orientert N/S, og har ei utstrekning på 30x7 m og er 1,5 m høg. Haugen som er heller flat oppå, er lyng- og grasvaksen, men 20-50 cm store steinar/blokker stikk i dagen, meste på den nordlege halvdelen. På haugen veks fleire store bjørke- og rognetre.Haugen fk.nr. 1/4 ligg knapt 5 m SV for den søre enden av nr. 3. Haugen er no på det næraste flat og kantane er vanskelege å fylgja, men tverrmålet er kring 10 m. Haugen er ikkje utan tvil.Haugen fk.nr. 1/5 ligg 10 m S for langhaugen. Han er 15 m i tverrmål og jamt over 0,5 m høg. Berre den nordlegaste delen er uskadd, medan heile den sentrale og sørlege delen er utkasta. Haugen er tilvaksen med mose, lyng og gras, og berre få 30-50 cm store steinar/blokker stikk i dagen. I haugen veks fleire store bjørkar.Haugen fk.nr. 1/6 ligg 12 m NO for 5, heilt nede mot vatnet. 10 m SSV for bua. Haugen er knapt 1 m høg ned mot vatnet og 7 m i tverrmål. T toppen er eit 4 m vidt og 0,5 m djupt søkk. Haugen er heilt tilgrodd med mose og grastorv, På kantane heile vegen rundt veks det mindre bjørketre og rogner med ei større osp i austlege del.Haugen fk.nr. 1/7 ligg øvst på Kjøsneshøgjen, 10 m O for hytta og 10 m NNO for bua. Haugen er i dag kring 10 m i tverrmål og 1 m høg. I toppen er eit 2,5 m vidt krater der det er sett opp eit steinbord og steinbenker på tre av sidene kring bordet. Haugen er elles tilgrodd med grastorv og mose.Haugen fk.nr. 1/8 ligg 3-4 m NO for 7. Kantane er i dag ein god del skadde, mellom anna har det vore teke ut sand i den austre delen og tverrmålet kan vera kring 5-6 m. I toppen er eit vidt, grunt søkk. Haugen er mose- og grasgrodd.Haugen fk.nr. 1/9 ligg 10 m NO for 8 og er no markert berre av den nordlegaste kanten, medan resten ligg som eit mose- og grasvakse, grunt søkk.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 7 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Sunnfjord
Fetts fk.nr. 1/1-2
Kirkested· Sunnfjord
Helgheim kyrkjestad
Gravfelt· Sunnfjord
Fetts fk.nr.2/1-2
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.