Fetts fk.nr.1/3,4,6
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Røysa, Fetts fk.nr. 1/6, ligg i bytet mellom bnr. 1 og bnr. 7. Ho ligg 7,5 m NV for det sørvestlege hjørnet på naustet på bnr. 1, og om lag 20 m VSV frå stranda. I tverrmål er ho om lag 12 m, og høgda er oppimot 1 m. Den bolken av røysa som ligg på bnr. 1, er betre markert enn den bolken som ligg på bnr. 7. Her er og røysa noko høgare, godt 1 m. Røysa er heilt grasvaksen og enkelte stader stikk det 10 - 40 cm store steinar/blokker i dagen. Det er mogeleg at desse steinane/blokkene er sekundære.Røysa, Fetts fk.nr. 1/3, ligg 6,5 m frå steingarden mot bnr. 1, kloss i røys nr. 6, og om lag 20 m VSV frå stranda. Ho er heilt grasvaksen, 12 x 15 m vid og opp mot 1 m høg.Røysa, Fetts fk.nr. 1/4, ligg 10 m frå steingarden mot bnr. 1, og om lag 30 m VSV frå stranda. Ho er 6,5 x 5 m vid og godt 0,5 m høg. Røysa har lite markerte kantar, mogeleg kan ho difor vere større i tverrmål. Ho er som dei to andre røysene, heilt grasvaksen. For alle røysene gjeld det at både utstrekninga og høgda er vanskeleg å stadfeste då terrenget er slakt hallande og sterkt tilvakse med gras.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 10 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Gravfelt· Haram
Fetts fk.nr.2/2-5
Gravfelt· Haram
Fetts fk.nr.2/16-20
Gravfelt· Haram
Fetts fk.nr.2/9-13,21,24-27
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.