Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr.1/2-5 Aursneset

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Saminga som inneheld fire røyser, er bogeforma og har ei lengste utstrekning på 105 m NV-SO.Røysa fk.nr. 1/2, som ligg lengst mot NV, er kring 10 m i tverrmål, 1 m høg og flat. Nordlege og sørlege del av røysa er sterkt tilgrodd med lyng, eine- og lauvtrekratt, men markeringa av røysa er heller klår også her. Tvers over røysa går det eit kring 5 m vidt, vegetasjonslaust belte, orientert O-V. Her ligg 0,1-0,5 m store og delvis mosegrodde steinar/blokker i dagen. I sentrum av røysa er det eit kring 2 x 1,5 m vidt og 0,75 m djupt søkk som er orientert N-S. I følgje Fett (1950), kan forma på røysa tyde på at ho har blitt utjamna til fiskeplatting.Røysa fk.nr. 1/3 ligg kring 25 m NO for fk.nr. 1/2. Ho er kring 10 m i tverrmål, 1 m høg og svært tilvaksen med ris, lyng og lauvtre, men markeringa er klår. Sentrum og austlege del av røysa er noko avskava og omrota. Her ligg ein del 0,2-0,6 m store og delvis mosegrodde steinar/blokker i dagen.Røysa fk.nr. 1/4 ligg kring 30 m SO for fk.nr. 1/3. Ho er kring 15 m i tverrmål og ligg på toppen av ein knaus. Søraustlege del av røysa går mest i eitt med lendet ikring, medan røysa i V er opptil 1 m høg. Kantane av røysa er tilvaksne med sprake- og lauvtrekratt, og markeringa er difor nokre stader litt uklår. Røysa er heilt flat og bygd av 0,1-0,6 m store steinar/blokker som er noko tilvaksne med mose. I søraustlege del av røysa er det eit kring 2 x 1 m vidt og 0,75 m djupt søkk som er orientert N-S. I sentrum av røysa ligg det to heller. Den nordlegaste av desse er kring 1,1 x 0,85 m vid og 0,10-0,12 m tjukk. Den sørlegaste av hellene er kring 1 x 0,9 m vid og 0,12 m tjukk. Fett (1950) meiner at forma på røysa tyder på at ho har vore utjamna til fiskeplatting.Røysa fk.nr. 1/5 ligg 27 m SSO for fk.nr. 1/4. Ho ser ut ut til å vere 11-12 m i tverrmål og opp til 1 m høg. Markeringa av røysa er svært uklår avdi ho er mykje utkasta og sterkt tilvaksen med lyng, sprake- og lauvtrekratt. Ein del 0,1-0,7 m store og svært mosegrodde steinar/blokker ligg i dagen, særleg i nordlege del av røysa. I nordaustlege del av røysa er det eit kring 2 x 2 m vidt og 0,75 m djupt søkk.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
4 enkeltminner
Stedfesting
± 5 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.