Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr.1/2-12 Kjempene

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Gravfeltet er 60 m langt, orientert N - S, og 20 m breitt. Her er 10 røyser, der røysa Fetts fk.nr. 2/12 ligg lengst S. Røysa ligg 30 m SV for det SO-hjørnet på Knut Åkres bustadhus. Røysa her eit tverrmål på 8 m og er 0,5 m høg. Ho er utkasta, og har eit 3 m vidt søkk i midten. Søkket er 0,4 m djupt. I sørvestre kant av røysa ligg ei steinblokk, 1 x 1 m vid og 0,6 m tjukk. Røysa er tilvaksen med gras, lyng og einer, men ho er heller klårt avgrensa. Det veks òg nokre små bar- og lauvtre i kantane. I frå denne røysa strekkjer feltet seg rett N, og avstanden mellom røysene varierer mellom 5 - 10 m.Desse røysene varierer i storleik. Den største røysa, Fetts fk.nr. 2/4, er 7 x 9 m vid, orientert N - S. Røysa er 1 m høg og har eit 4 m langt og 1 m breitt søkk i midten. Her ligg ei 0,4 x 0,4 m stor blokk som er 15 cm tjukk.Dei andre røysene, Fetts fk.nr. 2/11, 10, 9, 8, 7, 6, 3 og 2, er alle noko mindre rundrøyser. Dei fleste av desse er utkasta med unnatak av røysene, Fetts fk.nr. 2/11 og 7. Røysene er tilvaksne med gras, lyng og brake, og dei er ikkje heilt lette å avgrense. Langs foten i vestre del av røysene, Fetts fk.nr. 2/9, 8, 7, 6 og 4, ligg eit lengre plante- og blomsterbed.Røysa, fk.nr. 2, er den nordlegaste av røysene. Denne ligg 22,5 m NNV frå det nordvestre hjørnet på bustadhuset til Knut Åkre. Per Fett hadde registrert 12 røyser i gravfeltet, 2 av desse er i dag vekke. Det er røysene Fetts fk.nr. 2/1 og 5 som er blitt borte grunna bustadbygging.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
10 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.