Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr. 1/1-6

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Røysa fk.nr. 1/1 ligg tett N for ein bergrygg mellom sjøen i V og steingarden i O. Ho er kring 10 m i tverrmål og 1,5 m høg. Røysa er utkasta fleire stader, er omrota og har eit søkk i midten. Ein kan sjå spor av ei kiste nær S-kant. Det veks noko lyng og lauvtrekratt på røysa.Røysa fk.nr. 1/2 ligg 3 m NNV for 1/1. Ho er 5 m i tverrmål og 0,75 m høg. Her er eit søkk i midten. Røysa er tilgrodd av lyng og det veks nokre lauvtre på ho. Stein stikk i dagen nokre stader.Røysa fk.nr. 1/3 ligg 3 m O for 1/2. Ho er 10 m i tverrmål og 1,75 m høg. Røysa har eit søkk i toppen og er utkasta i S. I utkastet kjem steinar/blokker i dagen.Røysa er tilgrodd av mose og lyng og det veks nokre bjørketre på ho.Røysa fk.nr. 1/4 ligg 4 m ONO for 1/3. Ho er 8 m i tverrmål og 1 m høg. Ho har eit djupt firkanta søkk i midten. Ein kan sjå spor av fotkjede somme stader. Det veks ei treklyngje i søkket og elles er røysa dekt av mose og lyng.Røysa fk.nr. 1/5 ligg 1 m NNO for 1/3. Ho er 12 m i tverrmål og 1,75 m høg. Røysa har eit lite søkk i midten og eit stort sår i S-kant, der blokker opp til 1 m store stikk i dagen. Ein kan sjå spor av fotkjede somme stader. Røysa er tilgrodd med mose og lyng og det veks lauvtre på ho.Røysa fk.nr. 1/6 ligg 1 m NV for 2. Ho er 6 m i tverrmål og 0,75 m høg. Røysa har to djupe søkk i toppen og eit sår i V-kant. Steinar/blokker stikk i dagen over heile røysa, som elles er tilgrodd med mose og lyng. Det står eit bjørketre på ho.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
6 enkeltminner
Stedfesting
± 10 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.