Fetts fk.nr.1/1-3
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Ifylgje Fett 1954 har her vore 3 røysar. Han skildrar dei slik:1. Røys låg ....... på ei hylle i bergskråning. Røysa var ikkje stor. Der er funne båtnaglar og omnsringar under ei helle.2. Røys låg som 1. Der var B 5798 i ei lang hellekiste.3. Røys låg som 1. Der var B 5461 og kan hende B 8621.Mogleg har her vore fleire røysar.Ved registreringi den 22/6 1976 var det svært vanskeleg å finna noko som med visse kan kallast gravrøysar - i alle høve slik dei no ser ut. Men staden vart lett funnen. To steindyngjer av småfallen, kanta stein skilde seg ut.Den eine ligg på ei liti berghylle, ca 10-12 m N for Kobbeskjeret. Ho er tilnærma rund på skap, heilt låg, og 5-6 m i tverrmål. Ho er noko utsigi mot sjøen.Den andre ligg 3 m NV for den første, men eit par meter høgare oppe, i skrånande lende, på ei hylle. Denne røysi er ca. 10 x 4 m, orientert NO-SV. Det kan tenkjast at denne opphavleg har vore to røysar. Elles er det også mykje stein ovanfor røysane, men lendet er her svært bratt.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.