Storie
Gravfelt

Fetts fk.nr. 1/1-2 Fridtjovsparken

Fra Riksantikvarens beskrivelse

Samlinga måler 40 x 18 m, orientert NNO-SSV.Den sørlegaste av haugane, Fetts fk.nr. 1/1, som vart kalla Ryggjahaugen, i seinare tid kalla Fridtjovs haug, ligg heilt i det søraustre hjørnet av parken, omlag 5 m SSO frå Fridtjovsstøtta. Haugen som er restaurert, måler 17 m i tverrmål og er omlag 1-1,5 m høg. Han er bygd av steinar/blokker, 0,1-0,3 m store. Han er grasvaksen, men på toppen og i NNV stikk det mykje steinar i dagen. Rundt kanten av haugen veks ein del større lauv- og bartre.Omlag 8 m NNO for haug 1, ligg haugen Fetts fk.nr. 1/2. Denne haugen ligg kloss i muren opp mot vegen, omlag midtvegs på den austre sida av parken. Haugen måler 14 x 10 m, orientert NNO-SSV. Han har truleg vore heilt rund, omlag 15 m i tverrmål, men er i dag tvert avskoren av bygdevegen i austre kant. Haugen er omlag 1-1,5 m høg, grasvaksen og tilvaksen med ein del større lauvtre. Haugen har i seinare tid vorte kalla Ingeborgs haug.

Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.

Det du vil vite

Det vi vet

Vernestatus
Automatisk fredet
Enkeltminner
2 enkeltminner
Stedfesting
± 0 m

Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?

Ikke registrert ennå

  • Gjengroing

Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.

I nærheten

Driftsinfo

Ingen driftsmeldinger for dette stedet.