Fetts fk.nr. 1/1-1/3 Dingemoen
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Fra utgravningen: Tre gravhauger ble undersøkt. I fk.nr 1/3 ble det funnet rest etter mulig brannflak. Fk.nr 1/2 var en langhaug, ren jordhaug. Fk.nr 1/1 "Tamburhaugen" brannlag over kjernerøys. Ingen funn ble gjort. // Fra registrering: Haugsamlinga er orientert NO-SV. Lengda er kring 60 m, breidda 15 m. Berre tre haugar er no att. Opphaveleg skal det ha vore mange både her ute på terrassekanten og innover moen. Det ligg no ein stor rundhaug i austre del av området, ein langhaug tett NV for denne og ein låg haug i SV. Haugane ligg ute ved kanten av eit grustak. Her er tett krattskog av lauvtre.Haugen fk.nr. 1/1 som vert kalla Tamburhågjen eller Trolleskardshågjen, er no kring 18 m i tverrmål. Mot idrettsplassen er han noko over 1 m høg. I V er han ca. 2 m høg. Elles er høgda vanskeleg å fastslå, då terrenget stuper bratt ned. Han er noko uklårt markert, men tydeleg i terrenget. Det veks gras og lyng på haugen, og i midten og i kantane står lauvtre. I midten er eit krater, 6,5 m i tverrmål. Her ligg eit par store steinar/blokker i dagen. Elles er det få synlege steinar i haugen.Haugen fk.nr. 1/2 er 30 m lang og er orientert NO-SV. Mot terrassekanten (grustaket) er han skada og noko utrasa. Breidda er ca. 4 m. Han er knapt 1 m høg og er noko uklårt markert. Her veks lauvtre, lyng, gras og bregner. Ingen synlege steinar.Haugen fknr. 1/3 skal iflg. Fett liggje 6 m SV for fk.nr. 1/2 og han skal vere 7 m i tverrmål. Denne haugen er i dag dårleg markert p.g.a. tilgroing og ved at det i austre kant er kasta innpå fyllmasse og vestre kant er rasa ut i grustaket. Den låge forhøginga som framleis representerer haugen er kring 7 m vid og i retninga N-S. Haugen er heilt tilvaksen med lyng og gras og med kratt av lauvtre.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Automatisk fredet
- Enkeltminner
- 3 enkeltminner
- Stedfesting
- ± 0 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Kirkested· Fjaler
Dale kyrkjestad - Fjaler kyrkjestad
Kirkested· Fjaler
Åsnes kyrkjestad - Åsanes kyrkjestad
Kirkested· Askvoll
Holmedal kyrkjestad
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.