Falkhytten
Fra Riksantikvarens beskrivelse
Stadnamnet Falkhytten kan ha ein relasjon til falkefangst i eldre tidsrom. Namnet var kartfesta i året 1817. Ein kan difor fastslå at stadnamnet har ein langvarig etablert brukstradisjon. Kulturmiljøplan for Aukra vektlegg at området har hatt falkefangst i regi av hollandske falkefangarar i «Hollendertida». Falkonering var eit uttrykk for høgstatus frå jarnalderen og framover. Mellom anna på Falkhytten som er dagens administrasjonssenter i kommunen vart falkar fanga og eksportert til fyrstar og stormenn på kontinentet. Som kommune utpeikar Aukra og Gossen seg særleg innan to område av kulturminnevernet. Det er mange spor og funn etter Fosnakulturen i steinalderen i denne kystkommunen. Aukra er av dei områda nasjonalt som har påvist høgast grad av lausfunn som gjenstandsfunn i samband med steinalderens fosnakultur. Det kan blant mykje spanande historie frå våre eldste tidsrom her nemnast at det er funne skjelettrestar av eit barnelik datert til å vere 6000 år gammalt og ein sjeldan fin og godt bevart flintdolk. Det har berre vorte gjort nokre få skjelettfunn som stammar frå born i steinaldertida i Noreg. Talet på registrerte eldstader frå steinalder er høgast i landet. Kommunen har og rike arkeologiske verdiar i samanheng med bronsealder og jarnalder. Gravrøyser, bautasteinar og ein sjeldan steinsirkel er nokre døme på det. På Falkhytten er krigens kulturminne framtredande. Eit tysk kystbatteri som er regionalt verneverdig som krigsinstallasjon er i seinare år teke vare på. På Falkhytten vart det bygd radiostasjon og forsvarsstillingar. Det vart etablert fleire ammunisjonslager. På Falkhytthaugane vart det støypt fire bunkers. Delar av bunkeranlegget ligg der framleis, og er rydda fram, med turstiar rundt i området. Bunkersane ligg der det frå mellomalderen truleg har stått ei falkefangsthytte.
Teksten er hentet fra Riksantikvarens register Askeladden og gjengitt ordrett under NLOD 1.0. Storie har ikke endret den.
Det du vil vite
Det vi vet
- Vernestatus
- Regulert
- Enkeltminner
- 1 enkeltminne
- Stedfesting
- ± 5 m
Gjengroing er ikke registrert her. Vet du svaret?
Ikke registrert ennå
- Gjengroing
Riksantikvaren beskriver kulturminnet — ikke hvordan det ser ut i dag. Har du vært her? Trykk på det du så.
I nærheten
Driftsinfo
Ingen driftsmeldinger for dette stedet.